Ryfylkemat klar for finalen i Det Norske Måltid

feb 1, 2022 | Framside, Lite toppbilde, Nyhende, Ryfylkealliansen

Det Norske Måltid (DNM) leitar kvart år etter det ypparste innan norsk mat og drikke, og har etablert seg som ein av matbransjens viktigaste og mest prestisjefulle prisutdelingar.

Dette året er tre produsentar frå Ryfylke med i finalen.

Helgøyfrukt sine morellar er med i kategorien Årets grøne.

Morellane blir produserte på garden til Gøril og Geirmund Helgøy. Garden ligg på Helgøy i Ryfylke, der dei har dyrka morellar sidan 1911. – Me kjenner på ei stor takksemd fordi våre produkt blir så godt tatt i mot av alle kundar, seier Gøril. Ho gler seg til neste morellsesong når det er fastlandssamband med bru til Helgøy. – Brua vil gjera det enklare for kundane å få tak i dei etterspurde morellane, trur Gøril Helgøy. Gøril og Geirmund tok over fruktgarden i 2011. No dyrkar dei morellar under tak og årleg haustar dei 12 tonn.


Morellar frå Helgøyfrukt. Foto: Det Norske Måltid

Fjellam Frå Ryfylke, foredla av Albert Idsøe

I Ryfylke har bøndene lang og stolt tradisjon med å senda sauene på eit frodig og rikt fjellbeite om sommaren. I alt 29 produsentar står bak Fjellam frå Ryfylke, og har produsert lam med strenge kriterium til kvalitet og opphav. Dette kjøtet har Albert Idsøe foredla, og er finalist med Fjellam frå Ryfylke sitt kaldrøykte pinnekjøtt i kategorien Årets kjøtt foredla. Pinnekjøttet er tørrsalta og kaldrøykt i dei tradisjonsrike lokala til A. Idsøe i Stavanger.


Pinnekjøtt foredla av A. Idsøe. 

Enkel og rein ryfylkeyoghurt

Hilde og Joar Hauge driv garden Ryfylke gardsysteri i Hetlandsbygda på Fister. Garden overtok dei for 14 år sidan, og det nye fjøset og ysteriet stod ferdig i 2020. Her produserer dei både halvfast kvitost og ryfylkeyoghurt. Deira ryfylkeyoghurt naturell er finalist i kategorien Årets meieriprodukt.

– Det er utroleg kjekt at me er i finalen, seier Hilde. Me er veldig ferske i gamet, og set stor pris på at vår «enkle og reine» yoghurt naturell er blant finalistane.


Ryfylkeyoughurt naturell frå Ryfylke gardsysteri. Foto: Det Norske Måltid

Finalen blir sendt direkte på Matkanalen torsdag 3. februar kl 19:30.

Arkiv

Relaterte innlegg

Kalvekos og vepsebol

Kalvekos og vepsebol

Han er tidleg oppe for å vekka både dyra og familien, og er ikkje den som kryp tidleg til sengs. For heile dagen må nyttast. Dagar og år er også blitt brukte til heftige diskusjonar. Ikkje fordi han plent vil, men fordi han kjenner på eit samfunnsansvar. Men, korleis...

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Pin It on Pinterest

Share This