Ryfylkepuls 2022

Ryfylkepuls 2022 er historie. Men, historiene blir aldri gamle. Ryfylkepuls kan du sjå når du vil. Me har besøkt grender og tettstader i heile Ryfylke. Møte med folk, engasjement og drivkraft har vore av det heilt spesielle slaget. Kos deg med godbitar frå  2022.

JØRPELAND

Gled deg! Kos deg! Le og la deg riva med. Juletrebyen Jørpeland er av det heilt, heilt spesielle slaget. Møt små barn, ungdom, vaksne og ein heilt ekte julenisse. For Jørpeland har både varme og julestemning. Ryfylkepuls på sitt beste!

SULDALSOSEN

To butikkar tett i tett, eit idrettsmiljø som er både stort og breitt og ambisiøst. Ein lun veteran i badestampen og ei målretta tenåringsjente på garden. Suldalsosen har verkeleg Ryfylkepuls.

NESFLATEN

Heftig hotellsatsing, engasjement og energi, ein levande nærbutikk og ein skule som er samlingspunktet. Nesflaten er lite, ja vel. Men, her er det liv og lyst til satsing og framtid. Gled deg over denne utgåva av Ryfylkepuls, der me også møter vinnaren av årets Pilt-Ola pris og lurar på korleis me kan bli yngre i Ryfylke.

BJØRHEIMSBYGD

Levande bygd og levande gardar. Det blir satsa i Bjørheimsbygd på juletreskog, gardsturisme og ein heilt ny og spesiell driftsbygning. Dessutan er det sportsleg og aktivt frå den oppveksande slekt. Bjørheimsbygd er neste stad ut i vår Ryfylkepuls-serie.

FISKÅ

Milliardindustri i lita bygd. Tenk kva ei lita elv har ført med seg. Vatn, korn og brød til folket! Og ein herleg gjeng med elevar på grendaskulen. Fiskå er så visst ei levande bygd i Ryfylke. Få med deg Ryfylkepuls frå Nordre Strand.

LYSEBOTN

Stille om vinteren. Yrande liv sommarstid. Men, kraftverket inne i fjellet dundrar på vidare. Bli med Ryfylkepuls til Lysebotn, den nesten fråflytta bygda som er så populær å reisa til.

LYSEFJORDEN

Høgt og lågt. Attraksjonar på løypande band. Og ikkje minst jordnære folk som sørger for liv i fjorden. Det er all grunn til å få med seg Ryfylkepuls frå Lysefjorden.

TALGJE

Stort og smått om ein annan. Optimisme og folketalseksplosjon. Velkomen til Talgje midt i Stavanger, trygt plassert i Ryfylke. Her er det Ryfylkepuls.

SJERNARØY

Milliardsatsing og fredfull idyll. Ja, det er to sider av same sak når Ryfylkepuls sender frå Sjernarøyane, øyparadiset i Ryfylke.

ÅRDAL

Bli med på eventyr til Årdal. Blant folk og fe og snodige skapningar. Og viss du er svolten og trøytt, ventar skikkeleg mat og ei mjuk og god seng!

HELGØY

Nå blir det bru til Helgøy. Velkomen til øya, der frukt, servering og fjordsafari er stikkorda. Ryfylkepuls frå Helgøy er av det eksotiske slaget.

SAUDASJØEN

Slitesterkt glas, solid stål og harde golfslag er stikkorda frå Saudasjøen og vår nyaste Ryfylkepuls. Dessutan skal me springa motbakke i den heftige NM-løypa. Og me gjev deg havbruk frå Ryfylke! For ein variasjon!

SAUDA

Ungdomen på Sauda vgs vil redda liv, og kan både løfta, stikka, trykkja og spjelka som berre det. Heile Saudasamfunnet gler seg til både festival og jubileumshelg. Og skal du bu på hotell i Sauda, møter du garantert denne mannen. Sjekk ut Ryfylkepuls frå Sauda.

TAU (DEL 2)

Nytt dronesenter, ny kyrkje, nytt hagesenter, ny handballgiv og senter for høgteknologi. Tau leverer på alle plan. På Tau berre skjer det! Her er dagens sending av Ryfylkepuls, Tau del 2.

TAU

Folk smilar på Tau. Og gler seg over driv i næringsliv, studieliv, friluftsliv og sentrumsliv. Det er ein offensiv vind over Tau i Ryfylke. Sjekk ut dagens Ryfylkepuls.

Erfjord

Kakadu, kråkeboller, kajakk, kraftfór og kunstgras. Fem sider av same sak. Nemleg Erfjord i Suldal. Få med deg den nyaste episoden av Ryfylkepuls.

JELSA

Gigantiske planar i eit svært steinbrot. Søte opplevingar i ein idyll av dei sjeldne. Og snart er hotellsengene oppreidde i det gamle omsorgssenteret. Velkomen til Ryfylkepuls frå strandstaden Jelsa.

Klosterøy og Mosterøy

Klosterliv, gardsarbeid, pilegrimsvandring og reisa til Amerika. Fire sider av same sak! Bli med i sauefjøset til den komande ordføraren i Stavanger og finn rytmen med barske lastebilsjåførar. Få med deg Ryfylkepuls frå Klosterøy og Mosterøy.

RENNESØY

Datalagring i verdsklasse i tjukkaste fjellet. Tusenvis av tomatplantar treng heftig med varme for å veksa. Lokale matrettar har sin originale vri. Og turngleda blomstrar som aldri før.

FORSAND (DEL 2)

Reine eggedosisen når me flaksar vidare på Forsand. Herleg miks av idrett, ungdommeleg stoltheit, rugehøns, legendar og toppturar. Velkomen til Forsand og vårt nyaste Ryfylkepuls.

FORSAND

Gedigne sandhaugar, uendelege ressursar og store oppdrag. Forsand er sand og betong i søkk og kav. Men, også varme og livsglede for ungdom og dei aller, aller eldste. Få med deg Ryfylkepuls frå Forsand, sandbygda lengst sør i Ryfylke.

Har du innspel til oss?

Pin It on Pinterest