Skal du oppleva Ryfylke i sommar? Legg ut ditt Ryfylke-bilete på sosiale medium og du kan vinna vår tøffe Ryfylkepuls t-skjorte!

Korleis deltek eg?

Å delta i konkurransen er lett som berre det!

  1. Knips eit bilete i Ryfylke.
  2. Post bilete på Facebook eller Instagram og tagg biletet ditt med #ryfylkepuls

Hugs at for å delta må du ha open profil på Instagram.

Vipps så er du med! Vanskelegare er det ikkje, me gjer det ikkje for komplisert her i Ryfylke.

Konkurransereglar

Einaste kriterium for å vera med er at biletet gjenspeglar Ryfylke. Biletet kan vera alt frå dei spektakulær natur, kvardagsglimt, kaféliv, arbeidsliv, originale påfunn, historiske plassar eller kva det skal vera. Me vil stolt visa fram heile Ryfylke, som jo rommar så mangt.

I tillegg til å delta i konkurransen om premiar, kan biletet ditt bli vist i augustsendinga av Ryfylkepuls. Dette er ei heilt ny månadleg sending, som du kan sjå på www.ryfylke.no. Premiere er fredag 13. august.

Del dine blinkskot under #ryfylkepuls innan 5. august. Nyt sommaren i Ryfylke. Lukke til!

Pin It on Pinterest