Gled deg til ei ny digital sending kvar månad.

Torsdag 25. mai blir det spesielt på alle vis. For då sender Ryfylkealliansen Ryfylkepuls direkte for aller første gong. Torsdag 25. mai kl. 18.00 frå Sauda.

Gled deg til ei ny digital sending kvar månad.

Torsdag 25. mai blir det spesielt på alle vis. For då sender Ryfylkealliansen Ryfylkepuls direkte for aller første gong. Torsdag 25. mai kl. 18.00 frå Sauda.

Hjarteslag i ryfylke

Me tar pulsen på Ryfylke! Få med våre pulsslag på ulike sosiale kanalar veke etter veke.

Dessutan kjem me med ei ny TV-sending ein gong i månaden. Ulike tema, ulike folk, ulike vinklingar og frå ulike stader. Fokus på bulyst og livsglede, ungdomar og næringsliv. Få med deg pulserande nye sendingar med Ryfylkepuls.

Ryfylkepuls er Ryfylkealliansen si storsatsing. Sidan august 2021 har me sendt nye sendingar kvar månad. Frå inste, små bygder til større småurbane tettstader, frå fjord og til hei, ungdom og vaksne. Ryfylke er omfangsrikt, og me vil visa deg kva denne flotte regionen har å by på. Ut over 2023 vil også Ryfylkepuls koma på fleire kanalar og i fleire ulike, former. Og når du minst ventar det!

Dei månadlege sendingane viser me både på Youtube, denne sida her og på Facebook. Sendingane varierer i lengde og innhald. Ja, er det nokon stad du får med deg livspusten i Ryfylke, er det nettopp på Ryfylkepuls. Kos deg!

Direktepuls frå Sauda

Ryfylkepuls gjekk live! For aller første gong blei det Ryfylkepuls direkte. Ryfylkealliansen sendte Ryfylkepuls direkte torsdag 25. mai kl. 18.00. Me spann i gang Saudadagane med gjestar, herlege innslag frå heile Ryfylke, festivalfeber, ungdomsglede, industrihistorie, matgleder og solid glimt i auge. Ein heil time direkte på fleire digitale flater. Heng deg på og bli med!

Arkiv: Ryfylkepuls

2023

Her finn du Ryfylkepuls-sendingane for 2023. Me møter spennande menneske, dykkar ned i interessant tema og set fokus på kvardagsliv, næringsliv og ungdomsliv i Ryfylke. Og når sendinga først ligg ute, kan du sjå når som helst.

Arkiv: Ryfylkepuls

2022

Ryfylkepuls 2022 er historie. Men, historiene blir aldri gamle. Ryfylkepuls kan du sjå når du vil. Me har besøkt grender og tettstader i heile Ryfylke. Møte med folk, engasjement og drivkraft har vore av det heilt spesielle slaget. Kos deg med godbitar frå 2022.

Arkiv: Ryfylkepuls

2021

Ryfylkepuls gjekk på lufta for aller første gong august 2021, med premieresending frå Jørpeland. Deretter byksa me vidare til Sand, Finnøy, Hjelmeland og Sauda. Og om 2021 er historie, er det utruleg mange herlege og spennande i innslag å få med seg. Kos deg med Ryfylkepuls frå 2021.

Nye sendingar

Det kjem nye sendingar frå heile Ryfylke kvar einaste månad.

Ei variert sending

I sendinga blir det variasjon i både innhald og personar, arbeidsliv og kvardagsliv.

Har du innspel?

Dersom du har innspel til sendinga, eller gode ideear til kva som kan vera lurt å ha med i sendinga, klikk her.

#ryfylkepuls

Bli med i vår instagramkonkurranse. 

I kvar sending kårar me ein vinnar i vår instagramkonkurranse. Har du instagramkonto, ja så bli med då vel. Bur du i Ryfylke? Besøkjer du Ryfylke? Har du vore i Ryfylke? Send inn dine foto. Fleire av bileta som blir delt på instagram med #ryfylkepuls, vil også bli vist i våre sendingar. Bli med å gjer Ryfylke kjent du også!

Vinnarane vil motta ei t-skjorte med vår Ryfylkepuls-logo.

Innspel og tilbakemeldingar

Har du innspel eller idear til Ryfylkepuls?

Har du innspel eller idear til Ryfylkepuls, ta kontakt med programleiar og entusiast i Ryfylkealliansen, Tor Øyvind Skeiseid: tor@ryfylkelivsgnist.no / 982 06 333.

Ryfylkepuls blir produsert i samarbeid med Portal Norge og Fabel Live.

Eramet Norway Sauda, Sparebanken Vest, Ryfylkefondet og Rogaland Fylkeskommune er solide medspelarar.

Har du innspel til oss?

Pin It on Pinterest