Ryfylkequiz

2021 og sjette året på rad med quiz for 8. klassingane i Ryfylke. Den store skulefinalen går av staben i Forsand 2.juni. I år som i fjor, kan du følge med live her!

Kvar vår dei siste åra har Ryfylkealliansen reist rundt til dei ulike ungdomsskulane i Ryfylke med mål om å læra 8. klassingane om Ryfylke. Om historia til Ryfylkeregionen, geografi, kultur, politikk, identitet og så vidare. Og så har me testa ungdommane ved hjelp av quiz etterpå. Først på kvar skule, og så i ein stor ryfylkefinale der kvar skule er representert med eit lag på tre elevar.
Og jammen kan dei mykje, 8. klassingane!

Hjelmeland Sparebank er med på laget, og deler ut pengepremiar til dei tre beste laga. I vår er det sjette året at ryfylkequizen blir arrangert. Covid-19 tvinga fjorårets skulefinale på direktesending. Direktesendinga vart verkeleg ein suksess – ein suksess me fortset med til våren! Derfor, mens me ventar på den store skulefinalen 2.juni 2021 kan du sjå fjorårets finale på Hjelmeland. 

Klikk deg inn rett under her for å sjå finalen i reprise. Sendinga startar 1.48 ut i opptaket.

Me diggar Ryfylkequizen og Ryfylkeungdomen

Me bryr oss om framtida. Derfor bryr me oss om ungdomen i Ryfylke. Sjølvsagt er me i Hjelmeland Sparebank med når Ryfylkealliansen byr opp til Ryfylkequiz. Det er ei stor ære å vera medspelar når Ryfylke sine 8. klassingar konkurrerer om kven som veit mest om regionen dei bur i. Banken har vore med sidan starten av Ryfylkequizen i 2016. Me har late oss imponera av alt ungdomen kan og engasjerer seg i når det gjeld Ryfylke. Så er det stas for oss som bank å få gje ungdomane litt startkapital til det vaksne livet, ettersom me gjev pengepremiar til dei tre beste laga i quizfinalen. Det største ønsket vårt, er uansett at dei som nå veks opp ser ei framtid i Ryfylke. Det er sunt å koma seg ut, få seg utdanning og erfaring. Men, me vonar dagens ungdom ser moglegheitene i å koma tilbake til Ryfylke. Neste gong me møter desse quizfinalistane, spør dei kanskje om lån for å etablera seg i Ryfylke? Då vil me i Hjelmeland Sparebank satsa på dykk igjen! Lukke til med årets Ryfylkequiz. Me følgjer med og er tett på.

Susanna Poulsen
Banksjef Hjelmeland Sparebank

2. runde – vel overstått!

Då har alle 8. klassingane vore gjennom 2. runde av ryfylkequiz, og det er kåra eit vinnarlag per skule. Og jammen er kunnskapsnivået om Ryfylke høgt! Og sjølv om lærarane også har eit lag på kvar skule (sjølv om dei ikkje er med i konkurransen), så var det ingen av...

1. runde – Informasjon: Check

Då har Tor Øyvind og Svanhild vore rundt på alle ungdomsskulane i Ryfylke, frå Forsand i sør til Sauda i nord. Alle elevane i 8. klasse har fått innføring i Ryfylke si historie, frå for 10.000 år sidan og fram til i dag, samt eit innblikk i korleis Ryfylke ser ut i...

Dei første tre skulane har hatt besøk

Tau, Hjelmeland og Finnøy sine 8. klassingar har no fått innføring i Ryfylke si historie, og om korleis Ryfylke ser ut i dag. Lynquizvinnarane fekk sine fortente medaljar. No er det berre å leggja seg i hardtrening til quizen i mars/april! Ida, Helene og Anna vant...

Pin It on Pinterest