Ryfylkequiz

Hjelmeland stakk av med seieren i den store finalen i Ryfylkequizen 2021. Eit skyhøgt nivå og spenning heilt til siste slutt, kan ein vel sei oppsummerer superfinalen. Fekk du ikkje med deg finalen live? – Fortvil ikkje! Sjå finalen frå 2. juni her.

Live – sendinga er gjort mogleg ved hjelp av alle Ryfylkekommunane samt Hjelmeland Sparebank.

Strand kommune

Hjelmeland kommune

Stavanger kommune

Sandnes kommune

Sauda kommune

Suldal kommune

Sjå den store finalen i Ryfylkequiz 2021 her!

Sendinga startar 42 sekund ut i filmen

Høyr kva vinnarlaget Hjelmeland hadde å seie rett etter siger i Superfinalen!

Kvar vår dei siste åra har Ryfylkealliansen reist rundt til dei ulike ungdomsskulane i Ryfylke med mål om å læra 8. klassingane om Ryfylke. Om historia til Ryfylkeregionen, geografi, kultur, politikk, identitet og så vidare. Og så har me testa ungdommane ved hjelp av quiz etterpå. Først på kvar skule, og så i ein stor ryfylkefinale der kvar skule er representert med eit lag på tre elevar.
Og jammen kan dei mykje, 8. klassingane!

Hjelmeland Sparebank er med på laget, og deler ut pengepremiar til dei tre beste laga. I vår er det sjette året at ryfylkequizen blir arrangert. Covid-19 tvinga fjorårets skulefinale på direktesending. Direktesendinga vart verkeleg ein suksess – ein suksess me fortset med til våren! Derfor, mens me ventar på den store skulefinalen 2.juni 2021 kan du sjå fjorårets finale på Hjelmeland.

Klikk deg inn lenger nede på sida for å sjå finalen i reprise. Sendinga startar 1.48 ut i opptaket.

KVA MÅ EIN KUNNA?

For at 8.klassingane skal kunne forberede seg godt til Ryfylkequizen, får dei utdelt eit pensum med fakta om Ryfylke. Det skyhøge nivået ungdommane har vist på Ryfylkequizen dei siste åra gjer at årets pensum er større og vanskelegare en nokon gong!

Vil du sjå kva våre dyktige 8.klassingar må kunne i år? Eller vil du berre lære meir om Ryfylke? Under finn du pensumet til Ryfylkequizen 2021!

PENSUM RYFYLKEQUIZ 2021

Sendinga er gjort mogleg ved hjelp av:

Sauda kommune

Suldal kommune

Hjelmeland kommune

Strand kommune

Sandnes kommune

Stavanger kommune

Me diggar Ryfylkequizen og Ryfylkeungdomen

Me bryr oss om framtida. Derfor bryr me oss om ungdomen i Ryfylke. Sjølvsagt er me i Hjelmeland Sparebank med når Ryfylkealliansen byr opp til Ryfylkequiz. Det er ei stor ære å vera medspelar når Ryfylke sine 8. klassingar konkurrerer om kven som veit mest om regionen dei bur i. Banken har vore med sidan starten av Ryfylkequizen i 2016. Me har late oss imponera av alt ungdomen kan og engasjerer seg i når det gjeld Ryfylke. Så er det stas for oss som bank å få gje ungdomane litt startkapital til det vaksne livet, ettersom me gjev pengepremiar til dei tre beste laga i quizfinalen. Det største ønsket vårt, er uansett at dei som nå veks opp ser ei framtid i Ryfylke. Det er sunt å koma seg ut, få seg utdanning og erfaring. Men, me vonar dagens ungdom ser moglegheitene i å koma tilbake til Ryfylke. Neste gong me møter desse quizfinalistane, spør dei kanskje om lån for å etablera seg i Ryfylke? Då vil me i Hjelmeland Sparebank satsa på dykk igjen! Lukke til med årets Ryfylkequiz. Me følgjer med og er tett på.

Susanna Poulsen
Banksjef Hjelmeland Sparebank

Her er finalelaga til Superfinalen

2. juni, dagen me alle har venta på, nærmar seg med stormskritt. Ja, dagen den store quizfinalen på Forsand skjer. Dagen der alt 8.klassingane har pugga og lært om Ryfylke dei siste månadane, skal testast. 2.juni, finalen der Ryfylkeskulane skal kjempe mot kvarandre...

Quiz-sterke finnøybuar

Endeleg var siste lag klare for quizfinalen. Ein utsett skulefinale på Finnøy, grunna raudt smittenivå i Stavanger, kunne til slutt haldast. Og ja, finnøybuen er også skarpe i kunnskap om Ryfylke. Dette var skulen som har levert best snittresultat av alle skulane. I...

Sofajubel på KF

«Andreas sine slaver» er lag åtte som er klare for den store quizfinalen 2. juni. Sindre Erevik, Sander Espedal og Kristina Sandvik meiner tydelegvis at skulekvardagen med lærar Andreas Neverdahl kan vera tøff. Men, ikkje tøffare enn at dei med godt humør og glimt i...

Kva veit du om Ryfylke?

Quiz deg til flotte premiar frå Ryfylke! Kvart år kjempar 8.klassingane i Ryfylke i den store Ryfylkequizen. Ryfylkealliansen reiser rundt til dei ulike ungdomsskulane i Ryfylke med mål om å læra 8. klassingane om Ryfylke. 8.klassingane får også eit innhaldsrikt...

Fleire glupingar klare for TV-finalen

Kunnskapsnivået er framleis stort, når me held fram skulefinalane rundt om i Ryfylke. Sist veke blei ny finalistar klare for den store Ryfylkequiz-finalen 2. juni. Nå er laga frå både den største og den minste ungdomsskulen i Ryfylke klare. Med Jørpeland ungdomsskule...

Vel gjennomførte skulefinalar på Tau og i Sauda!

Me er nettopp ferdige med skulefinalane i Ryfylkequizen på Tau og i Sauda. Sauda og Tau var dei skulane som i fjor kapra første og andreplassen i superfinalen. Difor var forventingane høge til desse skulane, men du som dei innfridde! Les under korleis skulefinalane på...

Første skulefinalar unnagjort

Skulefinalane for 8.klassingane i Ryfylke er i gong! Førre veke vart skulefinalane i Ryfylkequizen haldne på Sand, Forsand og Hjelmeland. Elevane ved dei tre skulane viste ein enorm innsats, god lagånd og ikkje minst imponerande kunnskapsnivå. Dette gjer at me...

Pin It on Pinterest