Ryfylkequiz 2021
Hjelmeland stakk av med seieren i den store finalen i Ryfylkequizen 2021. Eit skyhøgt nivå og spenning heilt til siste slutt, kan ein vel sei oppsummerer superfinalen. Fekk du ikkje med deg finalen live? – Fortvil ikkje! Sjå finalen frå 2. juni her.
Live – sendinga er gjort mogleg ved hjelp av alle Ryfylkekommunane samt Hjelmeland Sparebank.
Sjå den store finalen i Ryfylkequiz 2021 her!
Sendinga startar 42 sekund ut i filmen
Høyr kva vinnarlaget Hjelmeland hadde å seie rett etter siger i Superfinalen!
Kvar vår dei siste åra har Ryfylkealliansen reist rundt til dei ulike ungdomsskulane i Ryfylke med mål om å læra 8. klassingane om Ryfylke. Om historia til Ryfylkeregionen, geografi, kultur, politikk, identitet og så vidare. Og så har me testa ungdommane ved hjelp av quiz etterpå. Først på kvar skule, og så i ein stor ryfylkefinale der kvar skule er representert med eit lag på tre elevar.
Og jammen kan dei mykje, 8. klassingane!
Hjelmeland Sparebank er med på laget, og deler ut pengepremiar til dei tre beste laga. I vår er det sjuande året at ryfylkequizen blir arrangert. Covid-19 tvinga fjorårets skulefinale på direktesending. Direktesendinga vart verkeleg ein suksess – ein suksess me fortset med i 2022.
KVA MÅ EIN KUNNA?
For at 8.klassingane skal kunne forberede seg godt til Ryfylkequizen, får dei utdelt eit pensum med fakta om Ryfylke. Det skyhøge nivået ungdommane har vist på Ryfylkequizen dei siste åra gjer at årets pensum er større og vanskelegare en nokon gong!
Vil du sjå kva våre dyktige 8.klassingar må kunne i år? Eller vil du berre lære meir om Ryfylke? Under finn du pensumet til Ryfylkequizen 2021!
Sendinga er gjort mogleg ved hjelp av:
Me diggar Ryfylkequizen og Ryfylkeungdomen
Me bryr oss om framtida. Derfor bryr me oss om ungdomen i Ryfylke. Sjølvsagt er me i Hjelmeland Sparebank med når Ryfylkealliansen byr opp til Ryfylkequiz. Det er ei stor ære å vera medspelar når Ryfylke sine 8. klassingar konkurrerer om kven som veit mest om regionen dei bur i. Banken har vore med sidan starten av Ryfylkequizen i 2016. Me har late oss imponera av alt ungdomen kan og engasjerer seg i når det gjeld Ryfylke. Så er det stas for oss som bank å få gje ungdomane litt startkapital til det vaksne livet, ettersom me gjev pengepremiar til dei tre beste laga i quizfinalen. Det største ønsket vårt, er uansett at dei som nå veks opp ser ei framtid i Ryfylke. Det er sunt å koma seg ut, få seg utdanning og erfaring. Men, me vonar dagens ungdom ser moglegheitene i å koma tilbake til Ryfylke. Neste gong me møter desse quizfinalistane, spør dei kanskje om lån for å etablera seg i Ryfylke? Då vil me i Hjelmeland Sparebank satsa på dykk igjen! Lukke til med årets Ryfylkequiz. Me følgjer med og er tett på.
Susanna Poulsen
Banksjef Hjelmeland Sparebank
Dei første tre skulane har hatt besøk
Tau, Hjelmeland og Finnøy sine 8. klassingar har no fått innføring i Ryfylke si historie, og om korleis Ryfylke ser ut i dag. Lynquizvinnarane fekk sine fortente medaljar. No er det berre å leggja seg i hardtrening til quizen i mars/april! [gallery size="large"...
Då er me i gong!
Første runde, der me reiser rundt og fortel om Ryfylke si historie og Ryfylke i dag, blei sparka i gong på Tau og på Hjelmeland i går. Me gler oss til vidare turné, både denne runden, og neste runde i mars/april. Då blir det quiz for alle penga!
Hjelmeland vant i 2018
Kven vinn i år? Ryfylkequizen blei arrangert første gong i 2016, på Sand i Suldal. Då tok Suldal seieren på heimebane. Året etter, i 2017 var det tre 8. klassingar frå Tau som gjekk til topps, i Sauda. Og i fjor var det altså Hjelmeland som var best. Då var finalen på...