Ryfylkequiz 2023

For åttande året på rad skal 8.klassingar i Ryfylke kjempa om å bli quizmeistrar i den store finalen på Folkets Hus i Sauda 25. mai. 

Live – sendinga er mogleg ved hjelp av alle Ryfylkekommunane samt Hjelmeland Sparebank.

Teikna av: Jens Flesjå

Sauda kommune

Hjelmeland kommune

Sandnes kommune

Suldal kommune

Strand kommune

Stavanger kommune

Vinnarar av Ryfylkequizen 2023

Eit halvt poeng var det som skulle skilje 1. og 2. plass av årets quizfinale…

Kvar vår dei siste åra har Ryfylkealliansen reist rundt til dei ulike ungdomsskulane i Ryfylke med mål om å læra 8. klassingane om Ryfylke. Om historia til Ryfylkeregionen, geografi, kultur, politikk, identitet og så vidare. Og så har me testa ungdommane ved hjelp av quiz etterpå. Først på kvar skule, og så i ein stor ryfylkefinale der kvar skule er representert med eit lag på tre elevar.
Og jammen kan dei mykje, 8. klassingane!

Hjelmeland Sparebank er med på laget, og deler ut pengepremiar til dei tre beste laga. I vår er det åttande året at ryfylkequizen blir arrangert. Dei siste åra har den store finalen blitt direktesendt. Direktesendinga har verkeleg blitt ein suksess – ein suksess me også fortset med til våren 2023! 

KVA MÅ EIN KUNNA?

For at 8.klassingane skal kunne forberede seg godt til Ryfylkequizen, får dei utdelt eit pensum med fakta om Ryfylke. Det skyhøge nivået ungdommane har vist på Ryfylkequizen dei siste åra gjer at årets pensum er større og vanskelegare en nokon gong!

Vil du sjå kva våre dyktige 8.klassingar må kunne i år? Eller vil du berre lære meir om Ryfylke? Pensumet til Ryfylkequizen 2023 finn du her!

Merete Marthinussen frå Hjelmeland Sparebank med stolte vinnarar fra Sand.

HØYR TIPS OG TRIKS FRÅ FJORÅRETS VINNARAR

I 2022 var det til slutt Sand som tok sigeren på heimebane! Til høgre kan du sjå finale den nervepirrande finalen med ryfylkequizhistoriens første ekstraomgang. 

Vinnarar av Ryfylkequizen 2023

Vinnarar av Ryfylkequizen 2023

Eit halvt poeng var det som skulle skilje 1. og 2. plass av årets quizfinale. Tau ungdomsskole trekte lengste strået og blei dermed vinnarar av årets Ryfylkequiz. Som alltid var nivået høgt og spenninga på topp. Me snakkar altså 58,5 av mogelege 65 poeng. WOW. 2....

Pin It on Pinterest