Den aller første quizfinalen for vidaregåande skule blei gjennomført i dag. Elevar ved Strand vgs på Tau hadde vore gjennom to innleiande rundar, og dei tre beste klasselaga kjempa i dag om tittelen «Ryfylkequizmeister».
I finalen var det eit lag frå 1. klasse, eit frå 2. klasse og eit lag med avgangselevar. Og det vart ein jevn konkurranse!
Elevane fekk ulike spørsmål og oppgåver med Ryfylke som tema. Og, dei fekk verkeleg vist at dei kan mykje!
Etter ein jamn finale var det til slutt klasse 3 IFA, representert ved Håvard, Vebjørn og Alexander som gjekk av med sigeren, tett fulgt av dei to andre laga.
- Premieutdeling – både pengepremiar og effektar frå Hjelmeland Sparebank.
- Alle dei tre finalelaga med sine sjekkar, flankert av Odd Magne Hetlelid frå Hjelmeland Sparebank
- Håvard, Vebjørn og Alexander frå 3IFA gjekk av med sigeren!
- Rektor er nøgd med elevane sin innsats.
- 2 STC representert ved Bjørnar, Sander og Matilde tok ein flott 2. plass.
- Tuva, Marius og Espen frå 1 STA kjempa innbitt, men måtte likevel sjå seg slått av dei eldre elevane. Men pengepremie blei det likevel!