Ryfylkeungdomen skjerpar sansane

mar 9, 2022 | Framside, Lite toppbilde, Ryfylkealliansen, Ryfylkequiz 2022

Nå skal det igjen kjempast om kva 14-åringar i Ryfylke som veit mest om nettopp Ryfylke. Ein populær kappestrid om rette svar, pengar, heider og ære.

I siste del av februar fekk alle 8. klassane i Ryfylke besøk av quizmaster Tor Øyvind Skeiseid. I ein skuletime fekk elevane vita meir om Ryfylke, med alt frå geografi, historie, kultur og næringsliv. Og ut frå resultata i lynquizen, teiknar det godt for skulefinalane som er i april. Kule Ryfylkepuls-tskjorter og Ryfylke-nøkkelband var kjekke å vinna.

Denne veka får elevane tilsendt pensum, før skulefinalane blir i vekene etter påske. Kan elevane pensum og det som dei finn på www.ryfylke.no, ja då har dei gode høve til å lukkast. Ikkje minst har me utfordra ungdomane til å følgja godt med på Ryfylkepuls i år, som også vil danna grunnlaget for somme av oppgåvene.

Direktesendt TV-finale

Det er Ryfylkealliansen som har ansvaret for Ryfylkequizen, som eit ledd i å løfta Ryfylke opp og fram i og utanfor Ryfylke. Eit hovudmål er å styrka identiteten blant ryfylkeungdomen.

I fjor nådde me langt ut over eigne grenser. Då sende me den store finalen direkte på www.ryfylke.no, og fleire tusen menneske fekk med seg spenninga då Hjelmeland ungdomsskule gjekk heilt til topps.

2. juni 2022 er det klart for den store direktesendte TV-finalen frå Sand.

Flotte premiar

Ryfylkealliansen har ein solid medspelar med på laget, nemleg Hjelmeland Sparebank.
– Banken har vore med sidan starten av Ryfylkequizen. Me har late oss imponera av alt ungdomen kan og engasjerer seg i når det gjeld Ryfylke, forklarer banksjef Susanna Poulsen i Hjelmeland Sparebank. Banken blar opp 1 500 kroner til kvar av dei tre på laget som går til topps, i tillegg til 3 000 kroner til klassekassen. Sølvvinnarane mottar 1 000 kroner kvar, medan dei som endar på tredje plass får 500 kroner kvar. Det er også premiar til dei andre seks finalelaga.
– Me gler oss til nok ein runde med Ryfylkequiz, og er spesielt glade for at direktesendinga gjer at så mange får med seg dette spennande og artige arrangementet, avrundar Susanna Poulsen.

Vil du sjå kva våre dyktige 8.klassingar må kunne i år? Eller vil du berre lære meir om Ryfylke?

Her er pensum til Ryfylkequiz 2022.

I siste del av februar fekk alle 8. klassane i Ryfylke besøk av quizmaster Tor Øyvind Skeiseid. Her er bilete av elevane som var med på lynquizen.

Arkiv

Relaterte innlegg

Kva er jul i Ryfylke for deg?

Kva er jul i Ryfylke for deg?

Det er konkurransetid i Ryfylke! Denne gongen lurar me på kva jul i Ryfylke er for deg?Nokon forbinder jul i Ryfylke med julegrantenning i bygda, andre tenkjer på sjølvhogst av juletre. Kanskje er du ein av dei som bakar sju sortar julekaker med mor for å få...

Pulserande Arena Ryfylke

Pulserande Arena Ryfylke

Bli med på innsida og utsida av storarrangementet Arena Ryfylke, nesten som julaftan, nasjonaldag og bursdag på ein gong i Ryfylke. Denne gongen på Tau i Strand kommune. Temaet var Verdien av vekst. 130 deltakarar møtte opp...

Erik Danielsen er vinnar av Pilt-Ola prisen 2023

Erik Danielsen er vinnar av Pilt-Ola prisen 2023

Foto: Tor Øyvind Skeiseid, Ryfylkealliansen Han har stått i bresjen for utbygging av skule og idrettshall, og bidreg stort til at Strand vidaregåande skule er med å setja Ryfylke på kartet. Erik Danielsen frå Jørpeland er vinnaren av den gjeve Ryfylke-utmerkinga...

Pin It on Pinterest

Share This