Sand i bøtter og spann

jan 14, 2022 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Det er uendelege mengder med sand, sand som skal vera den beste i heile Norge. Bli med Ryfylkepuls til Forsand, der me naturleg nok dukkar ned i sandhaugen.

Bli kjent med bedrifta som nyttar sanden som råstoff, og byggjer betongelement i verdsklasse. Nå er dei klare for det største oppdraget nokon gong. Ungdomen frå Forsand elskar bygda si og har framtidsplanane klare. Og er det ein stad det er godt å bli gammal, må det vera Forsand. Velkomen inn i solstova! Ryfylkepuls frå Forsand ser du her. 

PS: Du kan også sjå sendinga på TV Vest 15.-17. januar, der episoden går om att og om att. Dessutan aukar me talet Ryfylkepuls-sendingar frå ein til to i månaden. Neste sending kjem alt 28. januar.

Arkiv

Relaterte innlegg

Jobb med meining … i Ryfylke

Jobb med meining … i Ryfylke

- Det er viktig for meg at jobben eg startar i, betyr noko for andre. Eg vil gjerne gjera ei endring og til dømes jobba med fornybar energi, slår Eline Kommedal Hoem fast. Ho går tredje året på studiespesialisering ved Strand vidaregåande skule. Framtid og jobb er...

Livet som blei verd å leva

Livet som blei verd å leva

For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya...

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Ja, «Verdien av vekst» er overskrifta når me inviterer til den årlege viktige, artige og engasjerande storsamlinga Arena Ryfylke tysdag 14. november. Og i år skal me til Strand kommune, med både Tau, Fiskå og Jørpeland som boltreplassar. Ryfylke kan skilta med store...

Pin It on Pinterest

Share This