Satsar på mektige opplevingar

mar 23, 2021 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Helgøy Skyssbåt trappar opp fjordopplevingane. I sommar kan endå fleire oppleva Jøsenfjorden og Lysefjorden, og med avgang frå ytterlegare fleire kaiar.

– Me hadde så gode erfaringar i fjor, at me har vald å satsa ganske så kraftig denne sommaren, forklarer administrasjonsleiar Ståle Halsne i Helgøy Skyssbåt.
Nå er han og kollegaene i hurtigbåt-reiarlaget i full gang med å planleggja sommarturane.
– Det blir endå ein sommar med mange nordmenn som skal oppleva eige land. Då må me vera klare, slår Ståle Halsne fast.
Reiarlaget som neste år blir 40 år, har hatt auka fokus på påmeldingsturar. I to somrar har dei satsa på opplevingar til Jøsenfjorden, og i fjor slo dei også til med turar til Flørli i Lysefjorden. Denne type sightseeingturar har gjerne andre båtselskap styrt med. Nå satsar helgøybuen tungt.

Du kjem mildt sagt tett på både fjord og fjell på båttur med Helgøy Skyssbåt. Her frå Osmundshavn i Jøsenfjorden.

Fleire dagar – fleire kaiar
I sommarferien kan du faktisk vera med på Ryfylkecruise med Helgøy Skyssbåt kvar dag om du vil.
– Nytt av året er at me måndag til fredag vil gå Preikestolcruise frå Jørpeland. Me tar med oss fleire av attraksjonane i Lysefjorden. Og for dei som vil kombinera båttur og fottur, går me også innom Refså kai, kor turen til platået startar, fortel Ståle Halsne, og legg til:
– Me samarbeider med Boreal Transport. For når fotturistane er tilbake ved Preikestolhytta, er bussbillett tilbake til Jørpeland inkludert i prisen.
Kvar torsdag og laurdag er det dessutan tur til den mektige Jøsenfjorden, som for mange er ein ukjend skatt. Desse dagane går båtane frå litt ulike kaiar, både Stavanger, Jørpeland, Tau, fleire av øyane i Finnøy og Rennesøy kommunedelar, samt frå Hjelmeland.
– Jøsenfjorden er heilt spesiell å oppleva. Skomakarnibbå 700 meter over havet er min favoritt, i tillegg til magien når du kjem til Førrebotn, inst i fjorden, seier Ståle Halsne.

Det er muntre historier og høg trivselsfaktor når Kristen Helgøy guidar på fjorden.

Frukt og Flørli
Men, den vesle øya Helgøy i Årdalsfjorden er ein attraksjon i seg sjølv. Vel 40 innbyggjarar og hundretusenvis av eple. I fjor bygde Kristen og Anne Norunn Epleriet, som er ein serverings- og opplevingsstad midt i eplehagen.
– Fleire laurdagar i sommar set me opp båt frå Stavanger, Jørpeland, Tau og mange av øyane og til Helgøy. På Helgøy blir det omvising i frukthagane og det blir servert mat i Epleriet, med fantastisk utsikt ut over Fisterøyane og Fisterfjorden, lokkar Ståle Halsne, og er skikkeleg på gang.
– Flørli! Kraftbygda i Lysefjorden, og dei 4 444 tretrappene opp til toppen. Denne turen er spektakulær, og me går turar kvar sundag i sommar frå fleire stader i Ryfylke. Kombinasjonen båt og fotturar viste seg i fjor å vera ein vinnar. Så me køyrer på i år også, understrekar ein entusiastisk Ståle Halsne i Helgøy Skyssbåt, som byr på endå fleire turskattar enn det som er nemnd i denne artikkelen.
– De mangedoblar tilboda i forhold til i fjor. Er du uroa for at de gapar for høgt?
– Nei. Det er viktig at me har mange variantar og kan tilby turar kvar dag. Folk frå regionen vil oppleva sitt nærområde, og tilreisande nordmenn det same. Me gler oss til i sommar, og vonar mange blir med tur i dei mektige fjordane våre i Ryfylke.

All grunn til å smila, i alle fall når ein tenkjer på dei flotte fjordopplevingane i Ryfylke. Dagleg leiar Trond Helgøy (t.v.) og administrasjonsleiar Ståle Halsne gler seg til sommarturane med Helgøy Skyssbåt.

Arkiv

Relaterte innlegg

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ryfylkepuls har tatt pulsen blant Ryfylkeungdomen – kva synes dei om ordninga med gratis ungdomskort som snart skal tre i kraft? Vil det gjera at dei reiser meir? Er dette eit godt lokkemiddel for å få ungdom til å bu og studera i Ryfylke? Ein av dei me tok ein prat...

Pin It on Pinterest

Share This