Gå på skule i Ryfylke? Jobba i Ryfylke? Bu i Ryfylke? Tilboda er mange og alternativa finn du. Men, kva vil dagens ungdom velja? Torsdag 16. januar var det tid og rom for å bli klokare eller meir forvirra for ungdom i Indre Ryfylke.
Det er både stor stemning og høgt aktivitetsnivå når Suldal Vekst og Sauda Vekst årleg inviterer til Yrkes- og utdanningsmesse for ungdomsskule- og vidaregåande ungdom i Suldal og Sauda. Anna kvart år er storhendinga i Suldal og anna kvart år i Sauda. I år var Saudahallen stappfull av bedrifter og utdanningstilbydarar frå fjern og ikkje minst nær. Her var 65 ulike aktørar, med alt frå lokalt næringsliv, skular, offentlege verksemder og forbund. Ungdomen skal så visst vita at det er mange tilbod om vidaregåande utdanning i Ryfylke. Og ikkje minst er det arbeid som ventar på deg. Tema for samlinga var «Du kan viss du vil»
– Ein fantastisk dag og så mykje godlyd. Me ser at ungdomen set pris på opplegget, og ikkje minst at dei er klar over kor mange tilbod som er i vår region, fortel Inge Løyning i Sauda Vekst. Saman med makker Marit Larsen i Suldal Vekst har han hovudansvaret for messa.
– Eg trur ikkje alle veit godt nok om kva slag tilbod me har om både utdanning og yrke i Ryfylke. Derfor er ei slik yrkes- og utdanningsmesse så verdifull, seier Marit Larsen, og legg til:
– Me forstår godt at ungdomen vil ut å få luft under vengene. Men, dei skal vita at det er arbeid å koma tilbake til. Tenk kor kjekt om dei kjem tilbake med både utdanning, ektefelle og barn. Då har me verkeleg lukkast.
Stort løft
Duoen i vekstselskapa legg ikkje skjul på at det er mykje arbeid kring eit slikt arrangement. Når det kjem om lag 550 besøkjande, så krevst det litt logistikk.
– Det er eit omfattande opplegg. Men, det skal også vera skikkeleg, når me skal ta imot ungdomen. Dei fortener det, når dei nå skal gjera vanskelege val om utdanning og jobb. Då er det også kjekt når tilbakemeldingane er så gode og engasjementet er så stort, kommenterer Inge Løyning.
– Me veitt at denne samlinga er viktig for kva utdannings- og yrkesveg mange ungdomar satsar på. Derfor skal me gjera vårt for å leggja til rette for at dei tar dei riktige vala. Om nokon år er det kanskje desse ungdomane som har våre jobbar, og som skal «læra» opp nye generasjonar til å ta gode val, understrekar Marit Larsen.
Ny yrkes- og utdanningsmesse neste år?
– Sjølvsagt – og då er det på Sand i Suldal!
Du finn meir informasjon på www.utdanningiryfylke.no
Alle foto: Suldal Vekst