Sjå den direktesendte finalen i Ryfylkequiz 2023!

mai 23, 2023 | Framside, Nyhende, Ryfylkequiz 2023

25. mai og den store quizfinalen i Ryfylkequiz 2023 er rett rundt hjørnet. 9 ungdomsskular i Ryfylke skal kjempa side om side i Folkets Hus i Sauda.

I løpet av våren har Ryfylkequiz reist rundt i Ryfylke og utfordra Ryfylkeungdommen på kor mykje dei eigentleg kan om Ryfylke. Etter ein intern quiz på dei ulike skulane, har kvar ungdomsskule sendt sine beste ungdommar vidare til Sauda – kor det heile skal avgjerast 25.mai. I finalen i Folkets Hus i Sauda møtes 9 lag frå 9 ulike ungdomsskular i Ryfylke for å kjempa om den gjeve sigeren i Ryfylkequiz 2023!

Nivået og skuldrane til deltakarane er omtrent like høge. Dette er noko du vil få med deg!

Torsdag 25.mai kl. 12.00 kan du sjå Ryfylkequizfinalen DIREKTE frå Folkets Hus i Sauda.

Arkiv

Relaterte innlegg

Vinnarar av Ryfylkequizen 2023

Vinnarar av Ryfylkequizen 2023

Eit halvt poeng var det som skulle skilje 1. og 2. plass av årets quizfinale. Tau ungdomsskole trekte lengste strået og blei dermed vinnarar av årets Ryfylkequiz. Som alltid var nivået høgt og spenninga på topp. Me snakkar altså 58,5 av mogelege 65 poeng. WOW. 2....

Direktepuls frå Sauda

Direktepuls frå Sauda

For første gong sender Ryfylkepuls direkte, eller live om du vil. Ryfylkealliansen sender Ryfylkepuls direkte torsdag 25. mai kl. 18.00 frå Sauda. Me spenner i gang Saudadagane med gjestar, herlege innslag frå heile Ryfylke, festivalfeber, ungdomsglede,...

Gratulerer med dagen Ryfylke

Gratulerer med dagen Ryfylke

Ja, visst blei 17. mai ein stor festdag i heile Ryfylke. Me har samla høgdepunkta i ei unik 17. mai-sending frå heile Ryfylke. Med god hjelp frå gode medspelarar frå alle krikar og krokar i våre fantastiske region, har me sydd saman herlege glimt frå denne...

Pin It on Pinterest

Share This