Skal få Jørpeland til å blomstra

apr 7, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

– Det har vore ein hektisk start. Eg har ikkje hovudet over vatnet, men er oppe og trekkjer pusten med jamne mellomrom, smiler Elin Aasheim Rossemyr. Møt den nye sentrumsleiaren på Jørpeland!

Første mars overtok 31 år gamle Elin Aasheim Rossemyr rolla som sentrumsleiar etter den energiske Kolbjørn Pedersen. Det har vore litt av ein start. Første delen av året merka Jørpeland tydeleg effekten av opninga av Ryfylketunnelen, den undersjøiske tunnelen frå Strand til Stavanger. Eit yrande folkeliv og ei solid auke i omsetnaden for fleire av butikkane.
– Situasjonen er veldig endra dei siste vekene. Koronaviruset kom inn i landet vårt, og konsekvensane let ikkje venta på seg på Jørpeland heller. Det er ikkje kult å driva butikk nå i desse koronatider, erkjenner Elin Aasheim Rossemyr.

Ekte jørpelandsjente
Elin har hatt heile oppveksten på Jørpeland. Utanom studieåra i Stavanger, har ho vore busett her heile livet. Ho har utdanning innan sosiologi, med spesialisering på personalleiing og utdanning i prosjektutvikling. Elin er gift og har ein gut på 7 år og ei jente på 4 år. Engasjementet for den oppveksande slekt er det ingen ting å seia på. Ho er aktiv i Stavanger Turistforening, og sit i styret i Strand og Forsand turlag.
– Eg brenn for at dei yngste også skal få oppleva gleda av å vera ute i naturen, slår Elin fast.
Då er det ikkje overraskande at ho leiar Barnas turlag i Strand og Forsand. Dessutan er tobarnsmora aktiv med som handballtrenar i IL Staal Jørpeland.

Erfaring med reiseliv
Nå tar Elin over som sentrumsleiar etter Kolbjørn «altmoglegmann og høgt-og-lågt» Pedersen. Pedersen var den første som blei tilsett i ein halv stilling som sentrumsleiar, og har utforma rolla.
– Eg ønskjer å halda fram det gode arbeidet som han har starta. Kolbjørn og eg er jo veldig ulike. Han var veldig flink på alt det praktiske. Der må nok eg kjøpa meir tenester. Men, eg  kan gjera meir av marknadsføringsbiten sjølv, seier sentrumssjefen.
Elin Aasheim Rossemyr er opptatt av relasjonar, og meiner hennar jobb er å vera ein tilretteleggjar for sentrumsnæringa, gjerne som ein medspelar litt i bakgrunnen.
– Eg skal framheva butikkane, men også utfordra dei til å tenkja offensivt. I tillegg skal me vidareutvikla det gode samarbeidet som er mellom sentrumsnæringa og Strand kommune, understrekar Elin.
Dei siste fire åra har ho vore marknadskoordinator i Reisemål Ryfylke, med Hjelmeland og Jørpeland som arbeidsplass. Det er ein god erfaring å ha med seg inn i den nye jobben.  

Få folk til å bli lenger
– På Jørpeland finn du alt du treng, og det er eit stor mangfald av ulike varer. Det som er vår jobb er å få lokalbefolkning og tilreisande til å opphalda seg lenger i sentrum.  Der trur eg at eg har ein fordel med å vera lokal og ung, ja eg kan sjå kva me treng, seier sentrumsleiar Elin.
Ho trekkjer då særleg fram grøntareal og leikeplassar som positive element.  Det skal vera mogleg for alle aldersgrupper å opphalde seg her.
– Jørpeland har eit langt sentrum, og då må me ha plassar der folk kan setja seg ned, både inne og ute, meiner Elin. 
Før Koronaviruset opplevde Elin eit sentrum i positiv oppsving. Det skjedde mykje. Det har vore solid auke i handelen grunna Ryfylketunnelen, og heile Jørpeland gleda seg storleg til eit år med full gass. Butikkeigarane såg lyst på framtida. Den nye skateparken samla mykje ungdom, bubilparkeringa var stappfull kvar helg og tilbakemeldingane var gode.
– Sjølv om Strand kommune har tett på 13 000 innbyggjarar og er ein passe stor kommune, har næringa klart å laga sentrum med eit preg av eit lite lokalsamfunn. Då føler folk seg ekstra velkomne, hevdar Elin Aasheim Rossemyr.  

Koronakreativitet
Så kom Koronaviruset. Plutseleg stoppa heile verda opp. Det er blitt ein krevjande situasjon for alle, også for ein nytilsett sentrumsleiar.
– Mykje av jobben min nå er å vera eit bindeledd mellom Strand kommune og butikkane. Det er viktig å møta butikkeigarane der dei er, og finna litt samlande effektar og vera kreative, fortel Elin og legg til:
– Butikkane har vore svært omstillingsdyktige i denne vanskelege prosessen. Dei har laga til «klikk og hent»-ordningar. Dei har også klart å aktivera og gjort synlege tenester for kundane på ein god måte.
Elin har eit sterkt inntrykk er at butikkeigarane tar godt vare på dei tilsette. Likevel er det fleire som har måtte stenga dørene i sentrum i denne tida. For sentrumsleiaren er desse dagane hektiske med heimeskule og heimebarnehage, samstundes som ho skal leia arbeidet med å koordinera alle butikkane saman med kommunen.
– Alt er snudd på hovudet nå. Me må berre håpa at me kjem gjennom denne krisa og står saman på ein god måte. Jørpeland har i alle fall alle forutsetningane for at dette skal gå bra, erklærer ein spent, men optimistisk Elin Rossemyr Aasheim.

Arkiv

Relaterte innlegg

Kalvekos og vepsebol

Kalvekos og vepsebol

Han er tidleg oppe for å vekka både dyra og familien, og er ikkje den som kryp tidleg til sengs. For heile dagen må nyttast. Dagar og år er også blitt brukte til heftige diskusjonar. Ikkje fordi han plent vil, men fordi han kjenner på eit samfunnsansvar. Men, korleis...

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Pin It on Pinterest

Share This