Det har vore ein heftig og bratt læringskurve, lange arbeidsdagar og mange nøgde kundar. Nå gler Yvonne Løkke Michalsen til å utvida staben i Bris, og satsa ytterlegare på design av beste merke frå Sauda.
Ho er ei vassekte saudajente, er nå 33 år med mann og barn på 10 og 13 år. Den tekniske teiknaren lurte i 2014 på om det var ein passande jobb til henne. Ein fredag i september gjekk ho bort til Kaj Ove Jacobsen og lokala til Cardinal Reklame og lurte på om han trong hjelp.
– Kan du byrja på måndag, spurte han. Eg har jobba kvar dag sidan og i tillegg tatt utdanning som grafiske designar, smiler Yvonne Løkke Michalsen, som nå styrer alt i Bris Reklame i Sauda.
Ho er i ferd med å trykkja logoar på arbeidsklede, på flasker, finn fram eit nytt skilt til ei bedrift og bestiller t-skjorter til privatpersonar.
– Folk spør om alt mogleg. Og eg gjer det folk spør om. Om det så er å gravera ein kniv til ein bestefar, så gjer me det. Akkurat det tener me ingen ting på. Men, det er service, forklarer Yvonne, som er blitt sin eigen sjef.
Overtok alt
Cardinal Reklame i Sauda var Kaj Ove Jacobsen.
– Eg visste jo kven Kaj Ove var. Eg hadde vore innom og spurt etter hjelp med logoar, ja då eg var seljar av kjøkkenprodukt i ei bedrift. Då eg blei tilsett i Cardinal så blei det endringar kan du seia.
– Kva tenkjer du på?
– Han er jo mann, og hadde sitt rot. Eg er ein kreativ person, og endra på diverse utsjånad og system og alt, ler Yvonne Løkke Michalsen, og legg til.
– Me var veldig ulike. Men, det fungerte godt. Me utfylte kvarandre fint.
Etter kvart kjøpte Yvonne seg inn i Cardinal Reklame. Halvdelen av aksjane. I tillegg endra firmaet namnet til Bris Reklame.
– Og så fann Kaj Ove kjærleiken i Stavanger.
– Så kjekt.
– Ja, så gav han meg tilbodet om å kjøpa heile verksemda. Det gjorde eg. Først kjøpte eg huset me held til i, eit bygg som far til Kaj Ove eigde. Deretter kjøpte eg alle aksjane. Så nå er det eg som eig og driv alt, fullt og heilt.
Familiehjelp
Ho er einaste tilsette i Bris. På papiret.
– Eg jobbar hardt. Eg jobbar for to, og burde tilsett ein til for lenge sidan. Desember i fjor var utruleg hektisk. Den månaden hugsar eg ikkje noko av. Heldigvis var mannen min, Jøran, med og hjelpte. Eg hadde aldri klart dette utan han.
– Og kven står på timelista der borte på veggen?
– Og det er Rikke, ho på 13 år. Ho er det også hjelp i, smiler tobarnsmora.
Nå i juni blir det dessutan store endringar. Bris Reklame i Sauda doblar stillingsprosenten frå 100 til 200.
– Søster mi Andrea, skal byrja her. Takk og lov for det. Eg har tald ned sidan mars. Ho bur i Stavanger og flyttar tilbake til Sauda, med type. Så eg er med og får opp folketalet, fastslår Yvonne nøgd.
Framdrift og framtid
Bris er i medvind. Kundane er mange, både store og små. Målet er å få endå fleire langsiktige kontraktar, på skilt, arbeidskler og foliering av bilar.
– Er dei lokale i Sauda flinke å bruka deg?
– Absolutt. Og så elskar eg Suldal, utbryt Yvonne.
– Ja, vel?
– Tidlegare hadde me kontor i næringshagen på Sand. Det skal me byrja med igjen når Andrea kjem. Då skal eg vera ein dag i veka i Suldal. Suldølen er kjempegode til å bruka oss. Suldal Vekst har også vore ein svært god samarbeidspartnar for meg.
Men, om me ser i glaskula då. Korleis er Bris Reklame om ti år?
– Då vonar eg at me er fire tilsette til saman, der ein jobbar med skilt, ein på produktutvikling, ein på foliering av bilar og eg jobbar med sal og rekneskap.
– Er du stolt av det du har fått til?
Tre sekund stille. Flakkande blikk før det kjem kontant:
– Ja! Men, det har vore mage opp- og nedturar. Mykje motgang. Maskintrøbbel og alt mogleg. Eg har lært ganske mykje på kort tid. Men, eg søv heldigvis godt om nettene. Dessutan går eg mykje tur, der det er lite folk. Då treng eg ro, seier Yvonne Løkke Michalsen, og spring vidare til neste trykkejobb.