Skule på akva-offensiven

feb 15, 2019 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Dei satsar friskt på Strand vidaregåande skule på Tau. Det merkast ikkje minst på den blå satsinga. Nyleg arrangerte skulen ein storstilt akvakonferanse, der ungdom var den viktigaste målgruppa.

– Både elevar og lærarar er heldige som har slike undervisningslokale, slår Camilla Skappel Vidnes fast. Ho er avdelingsleiar på naturbruk, ei linje som inn til for eit par år sidan ikkje eksisterte på Tau. Nå er det rekordsøknad, ein ny, flott akvahall og stor merksemd rundt skulen si satsing på havbruk.
– Då var det heilt naturleg å invitera til Akvaro, vår eigen havbrukskonferanse, fortel Vidnes fast. 7. februar var 250 personar samla på skulen for å høyra meir om både moglegheiter, utfordringar og forsking innan oppdrettsbransjen. Her var elevar frå skulen, lærlingar, røktarar på oppdrettsanlegg, leiarar, akademikarar, forskarar og andre interessentar samla på eit breitt. – Skikkeleg artig, meinte elevane sjølve, som fekk vera midtpunkt når føredragshaldarar fortalde om alt frå bærekraft, lakselus, kveite, tareoppdrett og økonomi. For å nemna noko.

Frå Finnøy til Strand
Det har gått fort i svingane vil nokon seia. For inn til eit par år sidan var akvakultur og fiske- og fangsutdanninga samla på Rygjabø vgs på Finnøy. Skulen, som også hadde tilbode matfag, fekk færre og færre elevar. Rygjabø blei etter kvart lagt inn under Strand vgs, før fylkespolitikarane vedtok å flytta all undervisning til Tau og leggja ned på Finnøy. – Det har vist seg å vera smart, når ein ser kva skulen har fått til med både søkjartal og kvalitet på undervisninga, vedkjenner finnøyordførar Henrik Halleland.
– Ja, nå er det rift om elevplass

ane og stor etterspurnad. Nå har me over 70 elevar som går på VG1 Naturbruk og VG2 Akva, samt Fiske og Fangst. Det er ei mangedobling på nokre få år, smiler Camilla Skappel Vidnes.

Akvaro – ka for någe?
– Rogaland har ingen havbrukskonferanse. Så då greip me sjansen. Og Akvaro står sjølvsagt for Akva Rogaland, fortel ein av initiativtakarane, lærar Yngvar Svendsen. Resultatet av ideen såg ein altså torsdag 7. februar, med ein full gymsal med folk i alle aldrar. Der andre konferansar er typisk «for vaksne», klarte Akvaro å ha fokus på kva ventar ungdom som vil satsa innan havbruk. For det er ingen tvil om at den blå satsinga berre så vidt har starta i Norge. Folk må ha mat, og sunn mat. Samtidig har oppdrettsbransjen store utfordringar vedgåande sjukdom på fisk, lakselus og miljøperspektivet. Ein seriøs og innovativ bransje, presenterte verkeleg siste nytt på konferansen. Frå å vera ein bransje som har hatt cowboystempel på seg tidlegare, og der pengar og raske løysingar har vore fokus, er nå bærekraft det viktigaste. Visste du forresten at eit av dei største landbaserte oppdrettsanlegga for postmolt på land ligg i Tytlandsvik i Hjelmeland? Eller at miljøstiftinga Bellona har gått saman med oppdrettsgiganten Lerøy om det såkalla Ocean Forest? Kva det er? Jo, oppdrett av laks, tang, tare og blåskjell i same område, som heng miljømessig saman som hand i hanske. Vel, dei som var på Akvaro veit i alle fall det.

Arkiv

Relaterte innlegg

Kalvekos og vepsebol

Kalvekos og vepsebol

Han er tidleg oppe for å vekka både dyra og familien, og er ikkje den som kryp tidleg til sengs. For heile dagen må nyttast. Dagar og år er også blitt brukte til heftige diskusjonar. Ikkje fordi han plent vil, men fordi han kjenner på eit samfunnsansvar. Men, korleis...

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Pin It on Pinterest

Share This