Ytrabygdå. Det er Saudasjøen blitt kalla. Og her finn du bedrifter du kanskje ikkje kom på låg inst i ein fjorarm. For med slitesterke glas og stål skapast dei beste produkt til marknaden. Men, alt kan vel øydeleggjast med ein solid hammar? Me blir også med den pensjonerte jordmora på den idylliske ni-hols golfbanen før me set turen til topps. Joda, snart er det norsk meisterskap i motbakkeløp i Saudasjøen. Og me skal 931 meter over havet, om det så er på truger. Ryfylkepuls frå Sauda byr også på premiere på Ryfylke sin eigen film om havbruk. Her er det eit hav av moglegheiter.
Jobb med meining … i Ryfylke
- Det er viktig for meg at jobben eg startar i, betyr noko for andre. Eg vil gjerne gjera ei endring og til dømes jobba med fornybar energi, slår Eline Kommedal Hoem fast. Ho går tredje året på studiespesialisering ved Strand vidaregåande skule. Framtid og jobb er...