Kven veit mest om Ryfylke av 14-åringane i regionen? Nå er skulefinalane i gang, og i oktober er det klart for direktesendt storfinale.
Denne veka rulla Ryfylkequizen i gang igjen. Både ungdomsskulane på Tau, Hjelmeland og i Suldal har kåra sine skulemeistrar. For femte året på rad inviterer Ryfylkealliansen til spørjetevling blant 8. klassingane i Ryfylke. Det er eit av vårens vakraste høgdepunkt. Men, i vår kom koronastoppen, og heile quizen måtte utsetjast. Nå er 8. klassingane blitt 9. klassingar, og vår blitt haust. Men, engasjementet er like stort. For kva veit dei om vårt mangfaldige og ekte Ryfylke. Geografi, mat, politikk, sport, kultur og historie er blant tema som ungdomane skal beherska. Og etter dei første finalane denne veka, er det ingen tvil om at 14-åringane har solid med kunnskap om Ryfylke.
21. oktober er det så klart for den store, store finalen. Arrangør i år er Hjelmeland. Og til vanleg har vinnarlaget sin klasse fått vore med til det store finalearrangementet. Men, med Covid19-situasjonen, er det ikkje like smart å blanda 150 ungdomar frå åtte skular i lag. Derfor blir det digital direktesendt finale. Onsdag 21. oktober skal derfor finalelaga vera med på TV-sending frå Hjelmeland. Spennande i seg sjølv. Og du kan følgja med direkte frå kl 12 til 13 både på www.ryfylke.no, eller på nettsidene til lokalavisene Suldalsposten, Øyposten, Strandbuen og Ryfylke.
Så kven er dei dei skarpaste 8. klassingane, orsak 9. klassingane i Ryfylke i år?
Vinnarlaget frå Suldal: Jens Ole Nøstbakken, Martin Strand og Mari Aadnøy Hjelmelandsvinnarane: Andrea Mjølhus, Ole Martin Dale og Karoline Kvalvåg Hetlelid Vinnarane på Tau: Leah Celine Fiskå Stokkeland, Ariana Salte og Marte Egeland.