Ja, dei kallar det så, Staal og MIL. Då blir det SMIL. Fokuset er bulyst og næringsliv i Ryfylke. Gjer deg klar for spennande haustdagar på Jørpeland.
– Nå går dei to store idrettslaga på Jørpeland og Tau saman om å arrangera ein skikkeleg stor fest, kommenterer Oddbjørn Mihle Strand. Han er dagleg leiar i Midtbygdens IL (MIL), og gler seg til ei spennande langhelg, som MIL arrangerer saman med Staal Jørpeland.
– I den nye fleirbrukshallen på Jørpeland blir det fagleg påfyll, sosial samankomst, utstillarar og messeområde, forklarer Holger Austvoll i Staal. Han og klubbkollega Børge Oanes er som Knoll og Tott i prosjektet, og har gått med denne draumen lenge.
– Ryfylke som region blir verkeleg lagt merke til, ikkje minst nå etter Ryfylketunnelen blei opna for halvt anna år sidan. Så nå samlar me det som kan krypa og gå til ein stor messe og konferanse, som når breitt.
SMIL i Ryfylke er namnet. Og passar både med kombinasjonen Staal og MIL, samtidig som det er grunn til å smila.
– Me ønskjer at SMIL i Ryfylke blir ein tradisjon, ja eit arrangement som set fokus på bu- og reiselivslyst, kultur og næringsliv i Ryfylke. Nå melder bedrifter seg på som utstillarar. Og så kan alle gleda seg til både spennande arrangement og eit flott messeområde, understrekar Børge Oanes og Holger Austvoll.
SMIL i Ryfylke startar med konferanse torsdag 30. september, og held fram med både utstillingar, festmiddag og kulturelle innslag ut over heile helga til og med sundag 3. oktober.
Les meir her: smiliryfylke.no