Snart kjem dampen …

apr 6, 2021 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Rødne sin nye ambulansebåt er ikkje langt unna Ryfylkebassenget. Nyleg sjøsett, namn med snert og utstyrt som brannbåt i tillegg. Ikkje rart det er forventingar til Ryfylke sin nye livreddar.

Lars Rødne bestiller bort imot ein ny båt i året frå Brødrene Aa i Hyen på nordvestlandet.
– Ja, det er ikkje langt unna. Rygerdronningen, Rygerelektra og nå denne nye ambulansebåten, smiler ein tilfreds dagleg leiar i reiarlaget Rødne.
Sjernarøyselskapet skal andre mai setja Rygermedic inn i drift i Ryfylkefjordane. Rygermedic skal erstatta Rygerdoktoren, som trufast har tent folk i Ryfylke i årevis. Mannskapet om bord har redda liv, tatt imot nyfødde og fått pasientar trygt til sjukehuset i Stavanger.
– Det å driva ambulansebåt er utan tvil meiningsfylt. Og nå får me ein endå betre båt, som kan respondera raskt på kritiske oppdrag og dekkja store avstandar på kort tid, understrekar Lars Rødne.

Lege- og brannbåt
Rygermedic er 22 meter lang, har ein toppfart på 35 knop og er også bygd for å kunna sløkkja brannar.
– Ja, Rygermedic er utan tvil eit løft for branntryggleiken langs kystlinja i Ryfylke. Båten er ikkje ein komplett brannbåt, men kan starta sløkkjearbeidet raskt. Me har ei brannpumpe på dekk, som kan vera til stor nytte når det brenn, forklarer Lars Rødne og legg til:
– Brannpumpa kan også nyttast som lensepumpe. Me har ein liknande båt i Austevoll, og pumpa på denne legebåten har redda fleire båtar frå å søkkja.
Rødne har drive ambulansebåt i Ryfylke i fleire tiår. Helse Stavanger er oppdragsgjevar, og avtalen er at Rygermedic skal vera «skjærgardsdoktor» fram til 2027, med mogleg for ytterlegare forlenging i fire år.

Likar namnet
Reiarlaget Rødne tar nå imot nybygg nummer 21 i rekkja frå Brødrene Aa i Hyen. Me snakkar om eit samarbeid gjennom 50 år.
– Brødrene Aa er den klart beste båtbyggjaren i verda. Dei leverer alltid, både på kvalitet og innan tidsfristane. Båten blei sjøsett ved Brødrene Aa sitt nye anlegg i Eikefjord før påske, og Rygermedic verkar som han skal. Det er berre å sjå fram til båten sin første dag på jobb, andre mai, slår Lars Rødne fast.
Selskapet har nok ein gong skapt engasjement når val av namn skulle fattast. Folk flest blei inviterte til å foreslå namn, og det var ikkje mindre enn 140 ulike namneforslag. I avstemminga var Rygermedic ein klar favoritt, med Rygerhjelpen på andre plass.
– Namnet er bra. Det er dekkande og sjølvforklarande. At namnet er engelsk er ikkje problematisk. Alle veit kva ordet «medic» betyr, sa Lars Rødne til lokalavisa Øyposten, då namnevalet var gjort i februar.
– Eg likar namnet betre og betre. Og eg kan nesten ikkje venta med å sjå Rygermedic her kor den høyrer heime, som livreddar og medhjelpar i Ryfylkefjordane, avsluttar Lars Rødne.

Foto: Sølve Helge Knutsen

Arkiv

Relaterte innlegg

Kalvekos og vepsebol

Kalvekos og vepsebol

Han er tidleg oppe for å vekka både dyra og familien, og er ikkje den som kryp tidleg til sengs. For heile dagen må nyttast. Dagar og år er også blitt brukte til heftige diskusjonar. Ikkje fordi han plent vil, men fordi han kjenner på eit samfunnsansvar. Men, korleis...

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Pin It on Pinterest

Share This