Snodig Ryfylke-påske, som kan bli fin

apr 4, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Me skulle så gjerne sagt til alle: «Velkomen til ein magisk påske i Ryfylke 2020». Men, me veit at 2020-påska blir annleis, for oss alle. Me er bedne om å halda oss der me bur, i eller utanfor Ryfylke. Me som bur i Ryfylke vonar me får ei fin påskehøgtid på avstand lokalt.
Til deg som så gjerne skulle reist til Ryfylke: Me ønskjer deg og dine ei best mogleg påske der de måtte vera. Og så skal de vita at me gler oss umåteleg mykje til å ta imot dykk når situasjonen i landet tilseier at me kan farta til kvarandre igjen. Reisemål Ryfylke har uansett laga nokre tips til aktivitetar for heimepåske i Ryfylke. Og du som ikkje bur i Ryfylke, ser at nokre av tipsa kan du nytta der du bur. Les meir her.

God påske!

Foto: Skattkammeret Suldal. Lise Bjelland

Arkiv

Relaterte innlegg

Jobb med meining … i Ryfylke

Jobb med meining … i Ryfylke

- Det er viktig for meg at jobben eg startar i, betyr noko for andre. Eg vil gjerne gjera ei endring og til dømes jobba med fornybar energi, slår Eline Kommedal Hoem fast. Ho går tredje året på studiespesialisering ved Strand vidaregåande skule. Framtid og jobb er...

Livet som blei verd å leva

Livet som blei verd å leva

For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya...

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Ja, «Verdien av vekst» er overskrifta når me inviterer til den årlege viktige, artige og engasjerande storsamlinga Arena Ryfylke tysdag 14. november. Og i år skal me til Strand kommune, med både Tau, Fiskå og Jørpeland som boltreplassar. Ryfylke kan skilta med store...

Pin It on Pinterest

Share This