Snørike ryfylkefjell gjev billig straum

mai 13, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Store snømengder dei siste to månadene, gav ikkje mange skigleder for den store folkehopen. Det sørga Mister Korona for. Men, ryfylkingen kan i alle fall gleda seg over at snøen har gjeve rekordlåge straumprisar.

– Straumen kjem nok til å vera billig gjennom heile sommaren, slår administrerande direktør Svein Ilstad i Saudefaldene fast. Han har verkeleg kunne gje mange straumkundar gode nyhende dei siste månadene:
– I april var snittprisen litt over fem øre per kilowatt time. Det er heftig billig og ikkje noko me opplever ofte, fortel Svein Ilstad og ser opp mot snørike fjelltoppar i Sauda.

Nok straum – lite forteneste
Saudefaldene har ei historie som går tilbake til 1913, då verksemda blei etablert for å skapa vatn i Saudafjella om til elektrisitet. Først og fremst var det eit planlagt smelteverk som trengte mykje straum. I dag er det meir enn smelteverket Eramet Norway Sauda som har gleda av straumen som Saudefaldene produserer. Gjennom eit nettverk av demningar, røyrleidningar, kraftstasjonar og tunnelar får delar av Ryfylke og Haugalandet gleda av «Saudastraum». Saudefaldene er ein vesentleg kraftprodusent i Norge.
– Det er lett å selja kraft i desse dagar, men dårleg betalt. Me snakkar om 10-20 % av prisen me er vane med, forklarar Svein Ilstad, som ikkje mister nattesvevnen av den grunn.
Saudefaldene har økonomiske musklar til å klara seg.
– Men, me opplever sterkt reduserte resultat grunna eit solid kraftoverskot i den norske marknaden og vesentleg lågare kraftprisar enn tidlegare år. Det er nok fleire i kraftbransjen som diverre slit litt no, til dømes nybygde småkraftverk. For nå er det ikkje lett å tena pengar på kraftproduksjon, meiner Ilstad.

Snø og vindkraft
Heile Norden fekk mykje snø frå januar og utover vinteren. Ein merka det ikkje så mykje i låglandet, grunna høge temperaturar, men høgt i fjella har snøen bygd seg opp gjennom heile vinteren. Dette er snø som vil fylla kraftmagasina godt og lenge ut over våren og sommaren. Det er framleis mykje som skal smeltast i vekevis.
– Forventa forbruk er også gått ned desse månadene, grunna korona. Så det er ingen tvil om at straumkunden har ein opptur i desse dagar, seier Svein Ilstad og legg til:
– Vindkrafta gjer også sitt til at me har overskot av kraft. Både i Norge, Sverige og Danmark har vindmølleparkane gjort sitt inntog, og det ser me også på tala for dei første månadene i 2020.
Kraftprodusent «Ilstad» er også ein ihuga skientusiast. Det er blitt svært så avgrensa med tid i Sauda Skisenter, grunna koronarestriksjonar. Men, han gler seg likevel over godt med snø i fjella.
– Eg tenkjer eg er heldig som bur i Ryfylke og kan nyta dei fine fjella så nært kvardagen min. Eg har fått mange flotte skiturar i vinter, både i helgar, i vekene, i lys og mørke. Den siste månaden har det vore eit dilemma: Ski eller golf? Heldigvis er det blitt tid til begge delar. Og så får eg gleda meg på vegner av kundane som sparar pengar på at me i Saudefaldene har så mykje snø og tæra på i månadene som kjem, smiler Svein Ilstad.

Denne filmen frå AS Forskaling viser kor mykje snø det er i Saudaheia nå!

Arkiv

Relaterte innlegg

Jobb med meining … i Ryfylke

Jobb med meining … i Ryfylke

- Det er viktig for meg at jobben eg startar i, betyr noko for andre. Eg vil gjerne gjera ei endring og til dømes jobba med fornybar energi, slår Eline Kommedal Hoem fast. Ho går tredje året på studiespesialisering ved Strand vidaregåande skule. Framtid og jobb er...

Livet som blei verd å leva

Livet som blei verd å leva

For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya...

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Ja, «Verdien av vekst» er overskrifta når me inviterer til den årlege viktige, artige og engasjerande storsamlinga Arena Ryfylke tysdag 14. november. Og i år skal me til Strand kommune, med både Tau, Fiskå og Jørpeland som boltreplassar. Ryfylke kan skilta med store...

Pin It on Pinterest

Share This