Sofajubel på KF

mai 4, 2021 | Ryfylkequiz

«Andreas sine slaver» er lag åtte som er klare for den store quizfinalen 2. juni. Sindre Erevik, Sander Espedal og Kristina Sandvik meiner tydelegvis at skulekvardagen med lærar Andreas Neverdahl kan vera tøff. Men, ikkje tøffare enn at dei med godt humør og glimt i auga har funne eit passande namn for sitt lag. Og me snakkar om den private skulen KF Skolen på Jørpeland, som har hatt sin skulefinale i Ryfylkequizen for 8. klasse. KF Skolen stilte i Ryfylkequizen for første gong i fjor, og har ambisjonar om sigerspallen i år. Med dette vinnarlaget på plass, gjenstår berre ein skulefinale. Då snakkar me om Finnøy Sentralskule. Så snart Stavanger kommune går vekk frå raudt nivå på skulane, kan finalen haldast. Finnøy ligg som kjent i Stavanger kommune.

Vinnarar KF – f.v. SIndre Erevik, Sander Espedal og Kristina Sandvik

Den store quizfinalen mellom alle skulane skjer på Forsand 2.juni. Dette blir litt av eit opplegg du ikkje vil gå glipp av! I år som i fjor, kan du følgje med på superfinalen live på våre nettsider!

Kva skal ein gjere mens ein ventar på 2.juni? Jo – test dine eigne ryfylkekunnskapar på våre nettsider og bli med i trekninga av flotte premiar!

Arkiv

Relaterte innlegg

Direktesendt quiz – sterk auke i sjåartal!

Direktesendt quiz – sterk auke i sjåartal!

Me elskar Ryfylkequiz. Men endå meir elskar me direktesendt Ryfylkequiz! Takka vera koronarestriksjonar, såg me oss nøydde for å senda quizfinalen 2020 digitalt. Denne direktesendinga av finalen i Ryfylkequizen vart ein enorm opptur! Superfinalen direkte frå Årdal,...

Me gratulerer «MAS» med siger i Ryfylkequiz

Me gratulerer «MAS» med siger i Ryfylkequiz

Etter ein nervepirrande finale, med SKYHØGT nivå og spenning heilt til siste slutt, har me kåra vinnarane i Ryfylkequiz 2021! Me gratulerer "MAS" frå Hjelmeland med ein vel fortent siger! Vinnarlaget "MAS" frå Hjelmeland Etter fjorårets skyhøge nivå , var finalen laga...

Her er finalelaga til Superfinalen

Her er finalelaga til Superfinalen

2. juni, dagen me alle har venta på, nærmar seg med stormskritt. Ja, dagen den store quizfinalen på Forsand skjer. Dagen der alt 8.klassingane har pugga og lært om Ryfylke dei siste månadane, skal testast. 2.juni, finalen der Ryfylkeskulane skal kjempe mot kvarandre...

Pin It on Pinterest

Share This