Søknadsfristen nærmar seg!

feb 20, 2024 | Framside, Lite toppbilde, Nyhende

1.mars er fristen for å søkja om plass ved dei vidaregåande skulane, og i Ryfylke har me to av desse. 

Strand vgs er ein skule som ligg sentralt på Tau i Strand kommune. Med visjonen «Det beste i den enkelte» er tilsette ved Strand vgs opptatt av og bevisste på å sjå den enkelte og legge til rette for at skulen skal vera ein god stad å vera og ein god stad å læra.
Skulen har fleire utdanningstilbod, du kan lesa meir om dei her.

Sauda vgs er ein skule som ligg fint til i Sauda i Indre Ryfylke, med ei avdeling på Sand i Suldal. Visjonen deira er «Me vil meir», og det arbeidar dei for ved å gje elevane tett oppfølgjing og eit fagleg godt utdanningstilbod, samt eit godt arbeidsmiljø blant elevar og tilsette.
Skulen har fleire utdanningstilbod, du kan lesa meir om dei her.

Sjekk ut desse vidaregåande skulane og søk, før fristen! Dei kan anbefalast! Eventuelt tips nokon du kjenner om å søkje her, dersom du sjølv har passert vidaregåande alder.

Arkiv

Relaterte innlegg

Kalvekos og vepsebol

Kalvekos og vepsebol

Han er tidleg oppe for å vekka både dyra og familien, og er ikkje den som kryp tidleg til sengs. For heile dagen må nyttast. Dagar og år er også blitt brukte til heftige diskusjonar. Ikkje fordi han plent vil, men fordi han kjenner på eit samfunnsansvar. Men, korleis...

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Pin It on Pinterest

Share This