Solid fundament frå Forsand

jun 18, 2021 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Sykkelvelodrom på Sola, idrettshall på Jørpeland og element til infrastruktur. Variasjonen er stor og det er full gass ved Norsk Spennbetong på Forsand. Og ein kamp for å få nok arbeidsfolk inn.

150 millionar kroner i omsetting kvart år. Ja, du las rett. 150 000 000 kroner. Det er ikkje småtteri ein held på med ved Myra industriområde på Forsand.
– Det er som eit lite eventyr ja. Og det er utruleg mykje å gjera, forklarer Bård Hansen i Norsk Spennbetong.
Han kan sjå at fabrikken går for fullt. Nye prefabrikkerte betongelement skal gjerast klare, for så og fraktast over Lysefjordbrua og ut i Ryfylke, Rogaland og Norge med.
– Me leverer for alle typar bygg og anlegg. Vår spesialitet er større forspente brubjelkar, fortel Bård Hansen.
Noko av det tøffaste dei har laga er nettopp slike brubjelkar i betong, som blei lagt over motorvegen inn til Stavanger, som ein del av Ryfastutbygginga. Der er det blitt ein flott miljøkulvert, som er blitt ein park og eit populært turområde ved Mosvatnet.
– Det er nok ikkje alle som tenkjer på at me har lagt fundamentet for noko så fint, ler Bård Hansen.

Sportsleg og begeistra
I desse dagar blir eit anna nasjonalt ikon bygd på Sola. Som ein del av dei såkalla Folkehallane, står snart Sola Arena klar. Folkehallane er eit interkommunalt samarbeid mellom Stavanger, Sandnes og Randaberg. Frå før er Sørmarka Arena (skeiser), Sandneshallen (friidrett) og Randaberg Arena (fotballhall) bygd.
– Nå har me i Norsk Spennbetong lagt betongelement for den fantastiske innandørs sykkelvelodromen på Sola. Me snakkar om den første i Norge, ein 250 meters bane etter internasjonale mål. I tillegg blir det turnhall og speleflate for handball og andre idrettar, seier Bård Hansen.

Nye fleirbrukshallen på Jørpeland opnar i sommar.
Sykkelvelodromen, med turnhall og speleflate for idrettar i sentrum, i Sola Arena.

– Stolt?
– Det er jo berre fornamnet. Det er rett og slett kjempegøy å ha vore med å bygd noko som er så spesielt og det første i sitt slag i landet.
– Men, det er ikkje småtteri det som blir opna på Jørpeland heller?
– Nei, den nye fleirbrukshallen blir verkeleg flott. Den opnar nå i sommar. Og ja, me leverte elementa til den hallen også. Det er viktig at me er synlege i Ryfylke og nærmiljøet, konstaterer Bård Hansen.

Karanteneutfordringar
Arbeidsstokken er ein herleg miks av ryfylkingar og arbeidsinnvandrarar. Som resten av bygg- og anleggsbransjen er også Norsk Spennbetong avhengige av arbeidsimport.
– Me er om lag 75 tilsette, og ja mange er dyktige folk frå spesielt aust-europeiske land. Me hadde ein veldig bra start på 2021. Då koronarestriksjonane blei stramma inn ytterlegare, blei det vanskeleg å få tak i nok folk, erkjenner Bård Hansen.
Det er innreisereglane som, naturleg nok, er blitt utfordringa. Tilgang på arbeid har derimot ikkje vore eit problem.
– Det går jo mot lysare tider nå, på alle måtar. Og me trur 2021 alt i alt blir eit bra år, også med tanke på å få nok folk til å gjera jobbane. Men, det er klart, det er ikkje kjekt å liggja på etterskot med arbeidet. For me vil jo halda planen, avrundar Bård Hansen og sender ut nye betongelement frå fabrikken på Forsand.

Arkiv

Relaterte innlegg

Kalvekos og vepsebol

Kalvekos og vepsebol

Han er tidleg oppe for å vekka både dyra og familien, og er ikkje den som kryp tidleg til sengs. For heile dagen må nyttast. Dagar og år er også blitt brukte til heftige diskusjonar. Ikkje fordi han plent vil, men fordi han kjenner på eit samfunnsansvar. Men, korleis...

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Pin It on Pinterest

Share This