Sommarsmil i Sauda

sep 7, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Saudasommaren blei ei festreise. Hyttefolk, turistar og fastbuande nytta verkeleg tilboda lengst inn i ryfylkefjordane.

Våren var ikkje mykje å skryta av. Koronapandemien sette klare avgrensingar på kultur- og reiselivet. Permitteringar og minimal aktivitet var fasiten. Sommaren blei heldigvis noko heilt anna.
– Me har stort sett hatt fullt hotell i juni, juli og august, smiler hotellsjef Jan Nordbø på Kløver Hotell.
– Me har hatt betre omsetning på desse tre månadene enn i fjor, fortel Janne Hindrumsen ved Kraft Kafe.
– Betre besøk i heile Sauda enn på lenge, seier Ragnar Fosstveit i Sauda Ferie og Fritid.

Folk på kafé
Spesielt juli var ein strålande månad for Janne Hindrumsen og ektemannen Nicholas Guindani, som driv Kraft Kafe i Folkets Hus i Sauda.
– Nordmennene har verkeleg tatt ansvaret med å feriera i eige land. Me har hatt mange gjestar som gjerne er på gjennomreise frå Trolltunga til Preikestolen. Dessutan har hyttegjestane vore lengre på hyttene sine, og lokale folk har gått meir på kafé enn før, forklarer Janne Hindrumsen.
Ho er av det utadvente slaget, og då er det naturleg å spørja folk kor dei er frå og kva dei skal.
– Det er også ein fordel å ha kafeen så nære utebassenget, understrekar kafeeigaren.
Utebassenget i Sauda hadde fleire badegjestar i sommar enn nokon gong.
– Eg veit ikkje om det har vore fleire gjestar i Sauda totalt. Men, omsetnaden hjå oss har auka. Nordmenn legg rett og slett igjen meir pengar enn dei utanlandske, forklarer Janne Hindrumsen.

Bevisste nordmenn
Jan Nordbø har drive hotell i Sauda sidan tidleg 90-tal. Kløver Hotell har hatt fullt hus i heile sommar.
– Det var då også godt, etter tre månader med meir eller mindre stillstand, påpeikar Jan Nordbø.
Han har merka godt at det er nordmenn som har budd på hotellet i sommar.
– Utlendingar er eigentleg lettare å ha med å gjera. Nordmenn er meir krevjande og veit kva dei vil. Du veit, me nordmenn har det for godt, humrar Jan Nordbø og er rask med å leggja til:
– Men, det er mange fine nordmenn altså. Ikkje misforstå.
Det har vore eit merkeleg siste halvår for hotellsjefen. I vår måtte han springa høgt og lågt sjølv, då medarbeidarane var permitterte. I sommar har det vore mykje å gjera for alle med eit fullbooka hotell.
– Eg har ikkje vore heime sidan mars. Det vil seia eg var innom i påska. Du veit, skal du driva hotell, må du ha ei snill kone. Det har eg, ler Jan Nordbø høgt.

Herleg sommar – spennande haust
Ragnar Fosstveit er dagleg leiar i Sauda Ferie og Fritid og har oversikt over sommarbesøket i Sauda. Utebassenget er nemnd, med rekord der. Og:
– Gruvene i Allmannajuvet var betre besøkt enn i fjor. Me snakkar om over 14 000 menneske i sommarmånadene. Dessutan har dei aller fleste sentrumsbutikkane opplevd ein klart betre juli i år enn i fjor. Nordmenn har utan tvil støtta det lokale næringslivet i Sauda, stadfestar Fosstveit og har dermed gjort seg nokre refleksjonar:
– Resultata seier noko om potensialet vidare. Eg trur destinasjonsselskap og andre reiselivsoperatørar må vri marknadsføringa si meir mot nordmenn. Me må ikkje gløyma nærmarknaden framover. Me kan ikkje berre retta fokuset ut i verda. Det at norske turistar kom i år, treng ikkje bli ei eingongshending. Me snakkar trass alt om ei betalingsdyktig målgruppe.

Ein god sommar har utan tvil vore eit løft for dei lokale tilbydarane i Sauda. Nå står hausten for tur.
– Eg er optimistisk med tanke på hausten. Kombinasjonen med arrangement i Folkets Hus er bra for oss. Bedrifter er også i gang med å bestilla julebord. Og me får til mykje spennande også innanfor dagens smittevernreglement, meiner Janne Hindrumsen i Kraft Kafe.
– Eg er veldig usikker kring hausten. Det er vanskeleg å seia kor mykje overnattingar me får. Men, eg vel å vera optimist. Det passar meg best, avrundar Jan Nordbø på Kløver Hotell i Sauda.

Arkiv

Relaterte innlegg

Kalvekos og vepsebol

Kalvekos og vepsebol

Han er tidleg oppe for å vekka både dyra og familien, og er ikkje den som kryp tidleg til sengs. For heile dagen må nyttast. Dagar og år er også blitt brukte til heftige diskusjonar. Ikkje fordi han plent vil, men fordi han kjenner på eit samfunnsansvar. Men, korleis...

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Pin It on Pinterest

Share This