Spring for livet

feb 16, 2024 | Framside, Lite toppbilde, Nyhende

Ho er alltid på farten. Tidleg og seint. Søvn er det lite av. Men, kilometrane er mange. Over 8 000 kilometer på eit år. Bli kjent med Therese Nordbø, ein energibunt av det sjeldne som spring verda rundt for at andre kan få det litt betre.  

Gjer deg klar for joggetur. Ja visst er «På Ekta» med joggesko på denne gongen. Me har prøvd å halda følgje med Therese Neverdahl Nordbø (35) frå Tau.  
– Eg trur eg er god til å sjå det positive og kjekke i eit kvart høve og då blir alt så mykje enklare, seier treningsnarkoman Therese, som gjerne vil sjå kor mykje kroppen toler. 

Ho har første joggetur klokka fem kvar morgon. Og neste økt er på ettermiddagen. Kvar dag! Snakk om overskot. I tillegg har ho full jobb som teknisk direktør ved elektronikkgiganten Westcontrol.  Therese Nordbø flytta heim igjen til Tau og Ryfylke som 30-åring, og har ikkje angra på valet. Men, kva driv ein ung, entusiastisk, arbeidsam ultraløpar til å koma seg opp, ut og i gang, både når det gjeld jobb, jogging og aktivitetar. For ho søv lite og held høgt trøkk. Men, trøytt er ho likevel ikkje.  

Gleda er stor for å kunna reisa verda rundt og springa langt, svært langt. Gjerne løp på 100 kilometer. Ikkje minst når ho kan springa til gode føremål, ja der ho får bruka sitt overskot til å springa for at andre skal få det betre.  

Galskap? Absolutt.  
– Og det er definitivt ikkje sunt, slår Therese Nordbø fast. Men, det er verkeleg verd det.  

Arkiv

Relaterte innlegg

Kalvekos og vepsebol

Kalvekos og vepsebol

Han er tidleg oppe for å vekka både dyra og familien, og er ikkje den som kryp tidleg til sengs. For heile dagen må nyttast. Dagar og år er også blitt brukte til heftige diskusjonar. Ikkje fordi han plent vil, men fordi han kjenner på eit samfunnsansvar. Men, korleis...

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Pin It on Pinterest

Share This