Det er varmare i veret, dagane er lysare og snøklokkene står majestetisk på plenen. Men for sauebøndene i Ryfylke er det noko heilt anna som opptar fokuset nå, nemleg lamming.
Med håp om at vêren gjorde jobben grundig i fjor, ventar den rastlause bonden på årets første lam. Det er med glede og stor entusiasme at bøndene gjer seg klare. Dei riggar til i sauehuset, og kjøper inn eingongshanskar, jod spray, gele, mjølkepumpe, ja lista er lang. Men, bonden veit kva han treng.
Noteringslistene blir hengt opp på veggen i sauehuset, og ny noteringsbok er på plass. Denne boka vil etter kvart innehalda nummeret på alle sauene som har lemma, tal og kjønn på lam. Det seier seg sjølv at denne boka er nesten heilag.
For bonden er lamming det som betyr noko nå. Det betyr alt. Nesten alt.
Sterkt fellesskap
Lange vakter i sauehuset, korte måltid og minimalt med svevn. Men det er berre for ein periode. Dei er kvardagsheltar med stor omsorg for flokken sin. Bøndene har også eit fellesskap saman, der dei alle sit i same båt, og er ein del av noko stort. Dei bidrar til at du og eg får mat på bordet.
På Finnøy samlast sauebøndene til Lammelunch`n ein gong i veka når det er lamming. Bøndene møtest på loftet i sauehuset til initiativtakarane Kirsten og Tor Bjarne Flesjå. Her får de servert lunsj, brus og kaffi.
– Me har ikkje hatt samling på to år, men i dag kan vi endeleg samlast igjen. Me hadde ein idé om å kunna samlast for å dela erfaringar og få fagleg påfyll, og slik blei Lammelunch`n til. Nå er me på tiande året, fortel Tor Bjarne Flesjå.
Smale augo og takksemd
Sauebøndene kjem inn døra ein etter ein, nokon med meir smale augo enn andre. Ein tok ut to lam rett før han kom hit. Alle nikkar fordi alle forstår. Dei har eit samhald som er prega av takksemd og respekt for kvarandre.
Det lukter sau i rommet, ei lukt som minnar om nytt liv og hardt arbeid. Det er ei god og lun atmosfære der latteren rungar, og drøset går lett. Det er fullt hus i dag. 22 bønder. Damer og menn. Stemninga er god og kaffien heilt nødvendig.
Ådne Undheim frå Felleskjøpet er på besøk i dag. Han pleier å reise rundt og fortelja om produkta Felleskjøpet har.
– Eg har vore innom her mange gonger, og kjenner godt til alle som er her. Eg synest det er spennande å koma ut og møta bøndene der dei bur, seier han.
Ingen stiller spørsmål når nokon brått reiser seg opp for å gå. Alle veit han må rett i sauehuset sitt igjen.
– Det er utruleg kjekt å møtast her, og sjå kor stor pris alle set på desse samlingane, understrekar leiaren i Finnøy sau og geit, Johan Eggebø.
Døgnet har nok for få timar, men likevel prioriterer bøndene dette fellesskapet.
– Det plar vera godt oppmøte. Og så veit bøndene i alle fall at dei får i seg skikkeleg mat den dagen, avsluttar Tor Bjarne Flesjå.