Du vinn. Me vinn. Dei vinn. Idrettslaga Staal Jørpeland IL og Midtbygdens IL speler kort i lag. Ryfylkekortet er til glede for alle partar.
– Vil du kjøpa Ryfylkekortet?
Mange strandbuar har fått spørsmålet. Ja, folk frå andre delar av Ryfylke med. Og dei som kjøper veit at dei 300 kronene kortet kostar, går til idrettsarbeid for barn og unge. Idrettslaga Staal Jørpeland og Midtbygdens IL (MIL) i nabobygda Tau, smiler godt om dagen.
– Så langt har dei to idrettslaga seld om lag 600 kort kvar. Så kan folk rekna sjølv ut kva det gjev av inntekter til klubbane, fortel dagleg leiar i MIL, Oddbjørn Mihle Strand.
Både han og Rune Harestad, med same tittel i Staal, er fort ute med å understreka at Ryfylkekortet er noko som kjem idrettslaga, kjøparane og bedriftene til gode.
– Me i Staal har seld kortet i fleire år. Nå i 2021 er MIL også med på laget. Du kjøper altså eit kort for 300 kroner, og får då gode rabattar ved nærare 40 bedrifter i Ytre Ryfylke når du handlar hjå desse, forklarer Rune Harestad.
Meirsal og klubbstøtte
Fagmøbler Jørpeland er blant bedriftene som er med på Ryfylkekortet. Møbelbutikken lokkar med 10 prosent rabatt på alle ordinære varer, om du viftar med Ryfylkekortet.
– Me har merka ein effekt av å vera med på Ryfylkekortet. Det er vinn-vinn-vinn. Me støttar Staal, kundane får rabatt og me får også meirsal. Det hender titt og ofte at folk som skulle hatt ein stol, går ut att med både sofa og seng i tillegg, ler Sigmund Holta.
Holta er dagleg leiar ved Fagmøbler Jørpeland og skryt av konseptet.
– Hjå oss kan folk også kjøpa kortet. Me gjer kundar merksame på tilbodet. Og me veit at for kvart kort, går automatisk 300 kroner til idrettslaget, seier Holta og legg til:
– Du skal ikkje bruka kortet mykje før du har tent inn dei 300 kronene.
Han veit kva han snakkar om. Solveig Østerhus har sikra seg Ryfylkekortet også i år. Ho tener lett inn det kortet kostar, og er svært begeistra for ordninga:
– Ryfylkekortet er genialt. Me får støtta det lokale næringslivet, noko som er svært viktig. Dessutan får me gode rabattar i mange av våre lokale butikkar, som til dømes klede, senger, byggjemateriale og interiør. Eg vil verkeleg oppmoda folk til å skaffa seg Ryfylkekortet, er Solveig Østerhus si tydelege melding.
Kjekt samarbeid
– Me har i alle år fått mange gode tilbakemeldingar på Ryfylkekortet. Det blir meir og meir populært og er ei kjærkomen inntektskjelde for idrettslaget. Men, i tillegg er det viktig at me som bur her i Ryfylke, støttar det lokale næringslivet, seier Rune Harestad i Staal.
– Og så er det ein fin måte å støtta opp om idrettslaga sine sponsorar, understrekar kollega Oddbjørn Mihle Strand i MIL.
Begge fokuserer også på kor kjekt det er å gjera noko i lag som idrettslag. Dei som kjenner lokalidretten i Strand kommune, veit at forholdet mellom MIL og Staal ikkje alltid har vore like hjartelege opp gjennom åra.
– Nå er det heldigvis annleis. Eg vil seia at samarbeidet me hadde om å arrangera Ryfastløpet i 2019, var eit handslag for korleis me verkeleg kan jobba saman, meiner Harestad.
– At me nå er i lag om Ryfylkekortet, viser at klubbane har funne tonen på endå fleire og varige frontar, seier Mihle Strand.
Og i løpet av året kjem også klubbane med ein eigen Ryfylkekort-app! Nei, verda er ikkje det ho ein gong var …