Strake vegen mot bru

feb 14, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Nå er det full marsj mot bru til Helgøy i Hjelmeland. – Brua bør vera klar om to år, meiner rådmann Wictor Juul i Hjelmeland kommune. – Eg trur eg feirar jul i år med å køyra over brua, meiner ein langt meir optimistisk helgøybu Jon Arne Helgøy.

Samferdselsgledene er både store og små i Ryfylke om dagen. Ryfylketunnelen har stole dei største overskriftene. Men, for dei tett på 40 innbyggjarane på Helgøy i Årdalsfjorden, er ikkje gleda mindre over at dei snart blir brufaste. For eit bruspenn på 250 meter over Helgøysundet, til ein kostnad på vel 72 millionar kroner, er nå nært føreståande. Seinhaustes i fjor gjorde fylkespolitikarane dei avgjerande vedtaka. I januar klarerte Hjelmeland kommune framdriftsplanen med entreprenørselskapet Vassbakk & Stol frå Karmøy.

I gang rundt sommaren
– Skoginga på fastlandssida startar opp i løpet av februar. Så må reguleringsplanen liggja ute i seks veker før ein kan gå endeleg i gang med grunnarbeidet for brubygginga, forklarar rådmann i Hjelmeland, Wictor Juul og legg til:
– Det betyr at me kan få til byggjestart rett over sommaren. Men, når det er sagt, så trur me alle partar, inkludert fylkeskommune, fylkesmann og vegvesen, har lite innvendingar. Derfor kan det godt vera at Vassbakk & Stol kjem i gang før sommarferien.
Det som kan forseinka bygginga noko er om ein skulle finna nokre fornminne i botn der ein skal pæla. Det har Jon Arne Helgøy, lokalkjendis, skyssbåtførar og helgøypatriot lita tru på ein finn.
– Det einaste som er att av fornminne i det området, er bror min Håkon og meg. Og så vidt eg veit er ikkje Helgøysundet så djupt at Titantic rauk inn her, ler Jon Arne Helgøy sin kjente latter.

Når køyrer ein til Helgøy
Folket på Helgøy har kjempa for bru i mange tiår. Det yrande livet på Helgøy er bygd opp rundt fruktdyrking og båtskyss. Men, båtfolket er ikkje leie seg over å få ei bru til Fisterlandet, og bli knytt til fastlandet. Det vil forenkla transport av både folk og frukt på alle måtar.
– Eg har ein gammal bil ståande på Grønvik (der båtanløpet er på fastlandssida av Helgøysundet). Eg har lova bilen at han skal få køyra over til Helgøy før skilta ramlar av, humrar Jon Arne Helgøy.
– Viss Vassbakk & Stol kjem i gang over sommaren, reknar eg med det går eit godt halvtanna år å byggja. Eg vil tru opninga av brua blir på nyåret i 2022, seier rådmann Juul.
– Å nei. Karmøybuen er handlekraftige folk. Eg er sikker på dei blir ferdige til jul i år, tippar Jon Arne Helgøy og slepp nye passasjerar i land på Grønvik. Det kan det fort bli ein slutt med.

Helgøybrua er allereie kome med på kartet som er teikna av Jens Flesjå.

Arkiv

Relaterte innlegg

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ryfylkepuls har tatt pulsen blant Ryfylkeungdomen – kva synes dei om ordninga med gratis ungdomskort som snart skal tre i kraft? Vil det gjera at dei reiser meir? Er dette eit godt lokkemiddel for å få ungdom til å bu og studera i Ryfylke? Ein av dei me tok ein prat...

Pin It on Pinterest

Share This