Suldal Bad er opna – med våte draumar

des 9, 2019 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Så er endeleg badeeldoradoet opna. Ja, Suldal Bad. Etter utsetjingar og humpar i vegen, er det nå glede og begeistring i Ryfylke for ei praktbygg med spennande innhald.

Fredag 7. desember kunne ein stolt ordførar i Suldal, Gerd Helen Bø opna Suldal Bad med gode ord og eit godt bad. På Sand ligg badeanlegget som haustar lovord om både arkitektur og aktivitetar. Det er nesten som suldølen må klypa seg i armen over kva som er gjort mogleg. Men, dette badeanlegget skal ikkje vera ein godt skjult løyndom i Indre Ryfylke.

Design: Nenad Ignjatic


– Suldal Bad skal bli den best besøkte innandørs symjehallen i Rogaland, slår Suldal kommune fast. Og kvifor ikkje. Med 25 meters basseng, terapibad, stupetårn, vass-sklie, utandørs boblebad, badstove, klatrevegg og kafé, ligg alt til rette for å lokka til seg både tilreisande og fastbuande. Når du i tillegg kjenner deg bortimot i eitt med fjord og fjell, som omkransar utsikten frå Suldal Bad, ja då er det berre til å hoppa ut i det.

Det er brukt lokal kompetanse på utforming av både logo, illustrasjonar og badevettreglar:
Logo: Nenad Ignjatic.
Illustrasjonar til garderobe mm: Bris Reklame
Badevettreglar: Karen Benninghoff

Under kan de sjå bilete frå opningsdagane.

Arkiv

Relaterte innlegg

Kalvekos og vepsebol

Kalvekos og vepsebol

Han er tidleg oppe for å vekka både dyra og familien, og er ikkje den som kryp tidleg til sengs. For heile dagen må nyttast. Dagar og år er også blitt brukte til heftige diskusjonar. Ikkje fordi han plent vil, men fordi han kjenner på eit samfunnsansvar. Men, korleis...

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Pin It on Pinterest

Share This