Ny klatrepark, annleis andeløp, digitalt haustshow og ein handelsstand som lokkar med hundrevis av tilbod. Suldølingen ligg så visst ikkje på latsida i haustferien.
Suldal i 100. Det er overskrifta når handels- og opplevingsnæring går saman om eit spennande program i Suldal generelt og Sand spesielt. Fastbuande og gjestar blir lokka med hundrevis av tilbod.
– Me ønskjer alle velkomne til å bruke butikkane våre, naturen vår og tilboda me har har lokalt, seier prosjektleiar i Suldal Vekst, Marit Larsen.
Generelt gjennom haustferien er det mange gode tilbod i kampanjen Suldal i 100. Her er det varer til ein hundrelapp, eller kupp der ein sparer 100 kroner på eit produkt. Ein kan også få med seg topptur til Vardaheia i Erfjord med ei treningsøkt i 100, redesign av gamle klede som truleg har 100 nye leveår framfor seg, kinofilmar, utstillingar og Vill i vatn-arrangement i Suldal Bad. Laurdag 10 oktober blir det ungdomsarrangement som Suldal ungdomsråd og Suldal Røde Kors Røff arrangerer. Her blir det Diskobading i 100 for dei mellom 8 og 18 år.
Og dei unge skal verkeleg få boltra seg. Måndag 5. oktober opnar blant anna ordførar Gerd Helen Bø den nye klatreparken i Sand sentrum. Det er Rampline frå Talgje som har utvikla klatreparken som legg opp til motorisk trening og balanseapparat for dei yngste. Klatreparken ligg i hjarta av gatebildet på Sand.
Foto: Skattkammeret Suldal Foto: Rampline
Andeløp og haustshow
Handelsstanden på Sand tar smittevern på alvor, og ønskjer å laga til fleire små møtearenaer for publikum denne haustferien. Eit av høgdepunkta er Røde Kors som arrangerer eit digitalt andeløp med flotte premiar. Sjølve andeløpet blir også sendt live på Suldal Bad, der badegjestane kan følgja ekstra godt med på kva and som vinn fram i konkurransen i bassenget. Inntektene av andeløpet går direkte til Suldal Røde Kors som er ein viktig ressurs i arbeidet med beredskap og tryggleik i Suldal, både i fjellet og på fjorden.
Butikkane på Sand viser dessutan fram årets motar og trendar i eit digitalt moteshow, som blir publisert på FB-sida, Sand i Suldal på kvelden fredag 2. oktober. Her er det inspirasjon om sko, klede og trendar for både dei yngste og dei litt eldre.
Held fram god trend
Reiselivsbedrifter og handelsnæring i Suldal er på offensiven etter ein god sommar. Mange besøkjande gjorde at «koronasommaren» ikkje blei så gale som frykta.
– Det var mange nordmenn på tur i juli. God aktivitet på serveringsstader og butikkar. Hyttefolket har vore aktive og mange har godt både korte og lange turar i Suldal. Nå gler me oss til ein aktiv haustferie. Velkomen til oss, legg Marit Larsen i Suldal Vekst til.