Suldal lokkar med pengar til elevar

des 13, 2019 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Suldal kommune gjer ein original vri når dei tilbyr ungdom i Suldal 10 000 kroner for å gå på den lokale vidaregåande skulen i nabokommunen Sauda.

Kommunestyret i ryfylkekommunen går nå inn for ei forsøk for skuleåret 2020-21, der kvar suldalsungdom som veljer Sauda vidaregåande skule skal motta 10 000 kroner som «bonus» for skulevalet. Dei siste åra har fleire og fleire unge suldølar valt vidaregåande opplæring på private og offentlege vidaregåande skular andre stader enn Ryfylke. Som eit ledd i å halda på folketal og bulyst i Indre Ryfylke, gjer altså politikarane eit spenstig grep.

– Pengane er nok ikkje det viktigaste for val av skule. Men, for dei som vaklar litt om kva dei skal velja, er kanskje pengane avgjerande, seier ordførar i Suldal Gerd Helen Bø. Suldal kommune ønskjer at denne ordninga også er ein god måte å sikra vidare framtid for Sauda vidaregåande skule.

Styreleiar i Ryfylkealliansen, Helge Malmberg, helsar velkomen alle tiltak som kan gje unge lyst til å bu og ta vidaregåande utdanning i Ryfylke.

– Me i Ryfylkealliansen jobbar også målretta for å få ungdomane til å kjenna på identiteten sin og få lyst å koma tilbake for å bu i Ryfylke. Me går inn i 8. klassane i heile Ryfylke og har Ryfylkequiz. Då lærer dei unge om heile regionen. Det er for at ungdomen skal sjå at dei er ein del av noko større og at dei er stolte av å koma frå Ryfylke, fortel Helge Malmberg.

NRK Rogaland har tatt tak i denne saka. Torsdag 12. desember blei Suldal sitt ungdomsfrieri omtala på radiosendinga. Du kan høyra sendinga her.

Spol deg 1.32.00 ut i sendinga og høyr meir om kva Suldal kommune nå gjer.

Og etter 2.11.30 kan du høyra kva styreleiar Helge Malmberg om Suldal sitt vedtak og om kva Ryfylkealliansen gjer for å løfta fram Ryfylkeidentitet blant ungdomen.

Elevane på Sand fylgjer interessert med.

Arkiv

Relaterte innlegg

Jobb med meining … i Ryfylke

Jobb med meining … i Ryfylke

- Det er viktig for meg at jobben eg startar i, betyr noko for andre. Eg vil gjerne gjera ei endring og til dømes jobba med fornybar energi, slår Eline Kommedal Hoem fast. Ho går tredje året på studiespesialisering ved Strand vidaregåande skule. Framtid og jobb er...

Livet som blei verd å leva

Livet som blei verd å leva

For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya...

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Ja, «Verdien av vekst» er overskrifta når me inviterer til den årlege viktige, artige og engasjerande storsamlinga Arena Ryfylke tysdag 14. november. Og i år skal me til Strand kommune, med både Tau, Fiskå og Jørpeland som boltreplassar. Ryfylke kan skilta med store...

Pin It on Pinterest

Share This