Takk for maten og takk for festen

jul 23, 2018 | Framside, Ryfylkealliansen

Ryfylke markerte seg kraftig under Gladmatfestivalen i Stavanger 18.-21.juli.

Kven som smilte breiast er vanskeleg å måla. Men, at smila var mange blant både vertsskap og besøkande på Ryfylke sin gladmatstand, er det ingen tvil om. Terningkast fem for gladmatretten, gjorde smila endå breiare.

Ei god og variert vaktliste med folk frå alle ryfylkekommunane lokka gjestane med godsaker frå Ryfylke. Her var pølser, skinke, fenalår, kveite, brød, kaker, eplemost, øl, tomatar, vaktel, laks, lefser, flatbrød og all verdas herligheter frå heile Ryfylke.

Og ekstra stas: Terningkast 5 i Stavanger Aftenblad sin test av gladmatrett. Ryfylke sin rett blei lovprist. «Her får vi konfitert vaktel fra Tau og nydelig, innsmigrende potetstappe med sylta rødløk. Mm. Mm. Mm. Dette er kjempegodt», skreiv meldaren frå Aftenbladet.

Med ei god Gladmatoppleving i bagasjen, reiser ryfylkingen heim og inviterer alle til Ryfylke, og gode smakar året rundt.

PS: Vil du høyra litt frå Ryfylkestanden? NRK Rogaland besøkte oss eine dagen. Klikk inn her og høyrt frå tidspunktet 02.01.27

Arkiv

Relaterte innlegg

Ryfylke ut til alle

Ryfylke ut til alle

Det er all grunn til å leggja ferien sin til Ryfylke. Nå lanserer me ein storstilt kampanje med 12 filmar frå ulike stader i Ryfylke, stader me er sikker på du vil ha glede av å besøkja. Bli med når våre 12 vertar viser deg sine kjente og ukjente skattar frå sine...

Fest i 20 den 20. i 2020

Fest i 20 den 20. i 2020

Nå er det klart for feiring på Rennesøy. Og for Sjøberg Ferie på Østhusvik er talet 20.- Me opnar igjen med sommarkafé laurdag 20. juni. Det passar godt når me fyller 20 år i år, og det i 2020, smiler dagleg leiar Kai Risa. Opninga er etterlengta. Som mange andre...

Opplev blomar og dyr på Talgje

Opplev blomar og dyr på Talgje

Øya Talgje er ikkje så stor, men jammen rommar den både ein flott familiepark og eit bugnande gartneri som får folk til å ta vegen gjennom tunnelen! Fiolen Familiepark ligg aust på øya med flott utsikt over fjorden. Her kan ein oppleva nærkontakt med både gardsdyr som...

Pin It on Pinterest

Share This