Testsenter for dronar og systemhus for elektronikk. Det kan sjå ut som jobbing med dingsar og små detaljar, men er strengt tatt det fremste innan teknologi på kloden. Det er ikkje farleg å bruka store ord når ein er på Tau. I dagens Ryfylkepuls skal me også besøkja det splitter nye hagesenteret, med ein nevenyttig leiar som har drive som gartnar sidan han var 14 år. Og på Tau er det liv. Den nye kyrkja er blitt eit samlingspunkt for store og små, dag ut og dag inn. Bli med på barnegospel, før turen går ut på fotballbanen og inn i handballhallen. Midtbygdens Idrettslag merkar også Ryfasteffekten og Tauoffensiven. Velkomen til Tau og Ryfylkepuls.
Eventyrlige Årdal
Du møter både folk, fe, eventyrfigurarar og skabelonar når du kjem til Årdal. Ja, snodige skabelonar, kva nå enn det er? Nå er det amerikansk vegkrosatsing, ryfylke-vertsskap på gardshotell og ungdom som har både klart hovud, varmt hjarte, flinke hender og skikkeleg...