Ti ryfylkeord te å bli fjåge av

jan 30, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

NRK Rogaland er på jakt etter dei beste ord og uttrykk i Rogaland. Nå haglar det inn med forslag til dei beste orda frå kvar region. Onsdag 29. januar blei dei beste orda frå Ryfylke kåra.

Ja, korleis snakkar ryfylkingen kontra dei frå Jæren, Dalane, Haugalandet og Nord-Jæren. Og er det skilnad også i Ryfylke? Utan tvil, men ein del dialektord er like.
– Men konsonantane blir hardare jo lenger inn i Ryfylke du kjem, slår Laila Steine frå Suldal fast og seier glåpe når andre seier glåbe.

Laila, som jobbar som dagleg leiar i Suldal Vekst, var juryleiar i ryfylkejuryen, ein jury ho danna saman med Arne Nordbø frå Finnøy og Laila Andersen Asbjørnsen frå Jørpeland. Og trioen kasta seg over hundrevis av ryfylkeuttrykk og klarte å samla seg om ti ord, som nå skal vidare til rogalandsfinalen. Her kan du sjå alle ti orda

https://tv.nrk.no/serie/distriktsnyheter-rogaland/202001/DKRO99012920/avspiller

Nå blir 50 ord frå Rogaland samla og vurdert av hovudjuryen. Ti av desse går vidare til den store finalen 12. februar, der alt blir avgjort kva er Rogalands beste ord. Kan feien, knåva, hoien eller tetadde nå opp?

Treng du forklaring på dei ti ryfylkeorda som er i finalen? Høyr då sendinga til NRK Rogaland på radio – her https://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-rogaland/DKRO02002020/29-01-2020

Fleire gonger i sendinga handlar det om Ryfylke og ord frå Ryfylke. Her høyrer du ord og uttrykk frå heile Ryfylke, og sjarmerande innslag om korleis saudabuen snakkar kontra dei lenger «utante». Kos deg med eit hav av herlege ord frå Ryfylke.

Følg med på NRK Rogaland både på radio og TV framover. 12. februar skal altså alt avgjerast.

Arkiv

Relaterte innlegg

Vinnarar av Ryfylkequizen 2023

Vinnarar av Ryfylkequizen 2023

Eit halvt poeng var det som skulle skilje 1. og 2. plass av årets quizfinale. Tau ungdomsskole trekte lengste strået og blei dermed vinnarar av årets Ryfylkequiz. Som alltid var nivået høgt og spenninga på topp. Me snakkar altså 58,5 av mogelege 65 poeng. WOW. 2....

Direktepuls frå Sauda

Direktepuls frå Sauda

For første gong sender Ryfylkepuls direkte, eller live om du vil. Ryfylkealliansen sender Ryfylkepuls direkte torsdag 25. mai kl. 18.00 frå Sauda. Me spenner i gang Saudadagane med gjestar, herlege innslag frå heile Ryfylke, festivalfeber, ungdomsglede,...

Sjå den direktesendte finalen i Ryfylkequiz 2023!

Sjå den direktesendte finalen i Ryfylkequiz 2023!

25. mai og den store quizfinalen i Ryfylkequiz 2023 er rett rundt hjørnet. 9 ungdomsskular i Ryfylke skal kjempa side om side i Folkets Hus i Sauda. I løpet av våren har Ryfylkequiz reist rundt i Ryfylke og utfordra Ryfylkeungdommen på kor mykje dei eigentleg kan om...

Pin It on Pinterest

Share This