Tina takkar for seg

okt 5, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

30. september hadde Tina Cosette Asbjørnsen siste dag på jobb ved Ryfylke Fjordhotell. Etter 24 år som eigarar av hotellet på Sand, takkar nå ho og ektemannen Erling for seg.

– Det skal bli rart å stå opp og ikkje skal gå ned her på hotellet. Eg har jo meir eller mindre budd her i nesten 25 år. Tenk nå kan eg skru av mobilen, og ikkje vera brannvakt 24/7, smiler Tina på sin siste arbeidsdag.
Erling hadde siste arbeidsdagen for ein månad sidan. Nå er det altså Tina som skal seia far vel til trufaste medarbeidarar og eit lokalsamfunn ho har tent i eit kvart hundreår. Ryfylke Fjordhotel har vore i framsete når det gjeld turisme og overnatting i Ryfylke i årevis. Tina og Erling er blitt ein levande institusjon på Sand. Ja, hotellet har hatt sin del av æra for at hovudstaden i Suldal er blitt den perla den er.

Vemodig og godt
Tina innrømmer at det er ein smule vemodig å takka av. Det er jo trass alt eit livsverk dei tar avskjed med, eit hotell dei sjølve har bygd opp.
– Men, det skal bli herleg å sleppa ansvaret. Det at du alltid skulle vera tilgjengeleg. Nå får eg ein heilt annan fridom, slår ho fast.
Samtidig er det godt å vita at hotellet skal drivast for fullt vidare. Norwegian Experience har kjøpt hotellet. Det er same eigarar som driv Preikestolen Fjellstove og Lilland Hotel i Strand.
– Per Kristian Djuvsland overtar som direktør her. Ein utruleg likandes kar, som jo styrer Lilland i dag, skryt Tina Cosette Asbjørnsen.
Ho er glad ho overlét hotellet i god stand, også økonomisk. Sommaren 2020 var også storarta.

Flyttar på seg
Farvel med hotellet er også farvel med Sand, bygda ekteparet Asbjørnsen har budd i dei siste 34 åra.
– Me flyttar nærare familien. Begge barna våre med sine familiar bur i Stavanger og Sandnes. Me har kjøpt oss bustad på Åsen i Stavanger, forklarar Tina.
Ho forsikrar at det ikkje har noko med mistrivnad på Sand å gjera.
– Men, om me hadde blitt buande her, ville alle kommentert undervegs kva dei meinte om hotellet. Det skal dei sleppa.
Erling er blitt pensjonist. Tina Cosette ventar litt med å pensjonera seg.
– Eg kjem til å jobba litt freelance i nokre butikkar. Rydda på lager og vera vaktmeister. Eg skal vera i bakgrunnen. Eg har stått nok framme nå, smiler Tina Cosette Asbjørnsen, som leverer nøklane til Ryfylke Fjordhotel frå seg og takkar av.

Arkiv

Relaterte innlegg

Jobb med meining … i Ryfylke

Jobb med meining … i Ryfylke

- Det er viktig for meg at jobben eg startar i, betyr noko for andre. Eg vil gjerne gjera ei endring og til dømes jobba med fornybar energi, slår Eline Kommedal Hoem fast. Ho går tredje året på studiespesialisering ved Strand vidaregåande skule. Framtid og jobb er...

Livet som blei verd å leva

Livet som blei verd å leva

For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya...

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Ja, «Verdien av vekst» er overskrifta når me inviterer til den årlege viktige, artige og engasjerande storsamlinga Arena Ryfylke tysdag 14. november. Og i år skal me til Strand kommune, med både Tau, Fiskå og Jørpeland som boltreplassar. Ryfylke kan skilta med store...

Pin It on Pinterest

Share This