Tronskifte i Ryfylkealliansen

jun 19, 2018 | Ryfylkealliansen

Om det er dronninga som abdiserer og prinsessa som overtar, skal vera usagt.

Uansett er det slik at Marit Larsen frå Suldal Vekst (t.v på biletet) overtar som styreleiar i Ryfylkealliansen etter veteranen Margoth Sundsbø frå Sauda vidaregåande skule. Margoth har sete i styret i Ryfylkealliansen i godt og vel åtte av dei ti åra alliansen har eksistert, deriblant fleire periodar som leiar. Nå har derimot Margoth fått fortent avløysing. Marit Larsen har vore med i styret dei to siste åra. Ho er prosjektleiar, utviklar, pådrivar, propell og alt mogleg i Suldal Vekst, og har mellom anna vore drivkrafta bak Ryfylkedagane i fleire år.

 

Med seg i styret får Marit:

Helge Kjellevold (Lysefjorden Utvikling) – ny

Oddvar Vignes (Øyposten)

Elin Rydningen (Blomen Hage og Landskap)

Helge Malmberg (Strand vgs) – ny

Asbjørn Birkeland (Sauda kommune)

Brynjar Sauda (Suldal kommune) – 1. vara

Hogne Fjellanger (Tau Næringspark) 2. vara

Valet blei halde under årsmøtet til Ryfylkealliansen 11. april

Arkiv

Relaterte innlegg

På ekta!

På ekta!

Det er namnet på Ryfylkepuls sin nye Podcast. Tor Øyvind Skeiseid møter vanlege folk frå Ryfylke, med sine meir eller mindre vanlege historier; heilt på ekta. Det blir galskap og glede, kvardagsfest og nedturar, lidenskapleg, jordnært og ærleg. Kort og godt...

Høg puls i Ryfylkequizen

Høg puls i Ryfylkequizen

Skulefinalane i Ryfylkequizen inneheldt engasjement, vinnarvilje, oppturar og fortviling. For det er ingen tvil om at konkurransen om å koma til storfinalen i Sauda er tøff. – Elevane har vist fantastisk innsats og imponerande kunnskapar, slår Kristine Olsen i...

Merkevareprisen Ryfylke 2022 tildelt Norsk Juletreservice

Merkevareprisen Ryfylke 2022 tildelt Norsk Juletreservice

Styreleder i Ryfylkealliansen Helge Kjellevold delte ut prisen til Norsk Juletreservice ved Mikal Hetland (på biletet over) på Arena Ryfylke på Jelsa 9. november. Årets vinnar er stolt over å ha beina godt planta i Ryfylke, samtidig som blikket rettar seg utover eigen...

Pin It on Pinterest

Share This