Tvers over Grønland

jun 19, 2018 | Framside, Ryfylkealliansen

Dei fleste av oss kjem oss neppe til Grønland for å gå på ski. For 15-åringen frå Årdal er dette truleg berre første steg på vegen mot mange store bragder.

Først av alt: Korleis kjem ein på å reisa på ein ekspedisjon som dette? – Eg elskar telt og friluftsliv. I tillegg er eg aktiv langrennsløpar, og er det noko eg likar, er det å kombinera desse to interessene. Eg ville veldig gjerne ut på ein skikkeleg lang tur, og tenkte at å kryssa Grønland, som eg hadde høyrt mykje om, var perfekt.

Når ein tenkjer på Grønland, går tankane til enorme isvidder og total øydemark. Korleis opplevde du naturen der borte? – Oppe på isen var alt flatt og kvitt, som forventa. Nede var det meir bart, men ingen trær og svært lite planter. Eg elska å gå på den kvite isen og få sjå at eg var så langt vekke frå alt, i skikkeleg villmark.

Været i arktiske strøk er lunefullt, og me kjenner jo til mange dramatiske historier frå ekspedisjonar både frå Arktis og Antarktis opp gjennom historia. Hadde de dramatiske situasjonar undervegs, eller gjekk det meste bra? – Ekspedisjonen gjekk bra, men me hadde mange utfordringar med været. Det var ei spanande oppleving å vera ute i storm og orkan, men til tider også veldig tøft.

Å ha vore ute på ei svær reise kan ofte føre til at det blir ein nedtur å komma heim til dagleglivet. Korleis har det vore å komma heim til Årdal? – Eg byrjar å lengte tilbake til Grønland og nye eventyr allereie. Men det var veldig godt å komma heim også.

Til slutt: Har du planar om nye ekspedisjonar? – Eg har lyst på nye eventyr. Eg har ingen planar ennå, men når eg får pengar og tid er ein tur i Antarktis ein stor draum.

Me tippar at det ikkje går så mange år før me tek ein prat om korleis turen til Sydpolen gjekk.

Arkiv

Relaterte innlegg

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ryfylkepuls har tatt pulsen blant Ryfylkeungdomen – kva synes dei om ordninga med gratis ungdomskort som snart skal tre i kraft? Vil det gjera at dei reiser meir? Er dette eit godt lokkemiddel for å få ungdom til å bu og studera i Ryfylke? Ein av dei me tok ein prat...

Søknadsfristen nærmar seg!

Søknadsfristen nærmar seg!

1.mars er fristen for å søkja om plass ved dei vidaregåande skulane, og i Ryfylke har me to av desse.  Strand vgs er ein skule som ligg sentralt på Tau i Strand kommune. Med visjonen "Det beste i den enkelte" er tilsette ved Strand vgs opptatt av og bevisste på å sjå...

Spring for livet

Spring for livet

Ho er alltid på farten. Tidleg og seint. Søvn er det lite av. Men, kilometrane er mange. Over 8 000 kilometer på eit år. Bli kjent med Therese Nordbø, ein energibunt av det sjeldne som spring verda rundt for at andre kan få det litt betre.   Gjer deg klar for...

Pin It on Pinterest

Share This