Ung i Ryfylke
Bli ungdomsreporter i Ryfylkepuls
Er du mellom 17 og 25 år, bur i eller er frå Ryfylke? Ja, då vil me gjerne ha deg med i vår Ryfylkepuls-redaksjon.
Jepp, me vil ha eigne ungdomsreporterar.
Kva vil det seia? Du lagar dine eigne saker til Ryfylkepuls nokre gonger i året. Tema kan vera alt frå «korfor skal eg flytta heim igjen?», «kva driv næringslivet med?», «min kvardag», «møteplassar» og anna som er viktig for ungdom. Frå ungdom til ungdom!
Kven passar det for?
Deg som er mellom 17 og 25 år
Deg som ønskjer å læra om moglegheitar i Ryfylke
Deg som liker å møta nye folk
Deg som bur i, eller er frå Ryfylke
Kva skjer om eg blir med?
Du blir ein del av eit kreativt, ungdomsleg og proft fellesskap.
- Me har kick-off-samling, har det høgt under taket, inspirerer kvarandre
- Me utstyrer deg med tripod til mobilen
- Ryfylkepuls-kolleksjon
- Du kan velja gåvekort frå mellom anna Sauda Skisenter, Ryfylke Livsgnist, Ryfylke bakeri & konitori og Ryfylkebyen Jørpeland.
Bli med då vel
Me vil ha med leikande ungdomar på laget.
Interessert: Ta kontakt med Kristine Olsen.
Telefon: 412 74 012
E-post: hei@ryfylkepuls.no
Fortel kort om deg sjølv og kvifor du vil vera med. Frist: 1. februar