Jobb, sparing og smarte val

mar 24, 2023 | Framside, Nyhende

Å, dette maset om pengar. Kvifor skal me bry oss når me er unge og impulsive. Vel, ungdomen i Ryfylke har retningssans og forståing for at det er smart å jobba, spara og tenkja langsiktig. Og rådgjevaren i banken er krystallklar på kva tips han har til dei unge. For eit stykke er det jo eit mål om å kunna eiga sitt eige husvære, og helst bu i Ryfylke. I Ryfylkepuls møter me også elevane ved Strand vidaregåande skule som frå hausten av skal byksa uti det nye og ukjente. Kanskje er studium i økonomi ein farbar veg. I alle tilfelle freistar det å koma tilbake til Ryfylke. Håvard Handeland har i alle fall bestemt seg, han har mønstra på i Sauda, skal koma tilbake som lege og etter kvart mønstra av.

Og visste du forresten at det er bra trøkk og godt driv når det gjeld bustadbygging og interesse for Ryfylke? Det slår både utbyggjaren og finansrådgjevaren fast, og det er mykje som lokkar med Ryfylke.

Den nyaste utgåva av vårt månadsmagasin ser du her. Og hugs: Ryfylkepuls kan du følgja på alle moglege digitale kanalar, i kort form, passe kort og litt lenger.

Arkiv

Relaterte innlegg

Kva er jul i Ryfylke for deg?

Kva er jul i Ryfylke for deg?

Det er konkurransetid i Ryfylke! Denne gongen lurar me på kva jul i Ryfylke er for deg?Nokon forbinder jul i Ryfylke med julegrantenning i bygda, andre tenkjer på sjølvhogst av juletre. Kanskje er du ein av dei som bakar sju sortar julekaker med mor for å få...

Pulserande Arena Ryfylke

Pulserande Arena Ryfylke

Bli med på innsida og utsida av storarrangementet Arena Ryfylke, nesten som julaftan, nasjonaldag og bursdag på ein gong i Ryfylke. Denne gongen på Tau i Strand kommune. Temaet var Verdien av vekst. 130 deltakarar møtte opp...

Erik Danielsen er vinnar av Pilt-Ola prisen 2023

Erik Danielsen er vinnar av Pilt-Ola prisen 2023

Foto: Tor Øyvind Skeiseid, Ryfylkealliansen Han har stått i bresjen for utbygging av skule og idrettshall, og bidreg stort til at Strand vidaregåande skule er med å setja Ryfylke på kartet. Erik Danielsen frå Jørpeland er vinnaren av den gjeve Ryfylke-utmerkinga...

Pin It on Pinterest

Share This