Ungdomen klare til Ryfylkequiz

mar 15, 2019 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Det er eit sikkert vårteikn i Ryfylke når 8. klassingane puggar ryfylkekunnskap. For fjerde året på rad er nemleg alle 8. klassingane i heile Ryfylke med på det som må kallast ein ungdomsmeisterskap i kunnskap om Ryfylke. Og i år er konseptet utvida til å gjelda Strand vidaregåande skule.
– Eit av dei viktigaste måla til Ryfylkealliansen er å styrka identiteten blant dei unge. Ja, kva er Ryfylke og kva vil det seia å vera ein ryfylking. Då er klassequiz i 8. klasse eit perfekt verkemiddel, fortel prosjektmedarbeidar Svanhild Eggebø Spanne i Ryfylkealliansen. Alliansen, som tel over 170 medlemsbedrifter, er både eit talerøyr og ein merkevarebyggjar for Ryfylke.
– I februar reiste me rundt til kvar ungdomsskule i Ryfylke og informerte om Ryfylke på ein artig og original måte. Nå har ungdomane fått tilsendt eit pensum om Ryfylke. Så nå er pugginga i gang, seier Svanhild Eggebø Spanne.

I perioden 26. mars til 10. april er det klart for skulefinalar på kvar ungdomsskule i Ryfylke. Der blir det kåra eit vinnarlag, med tre 8. klassingar på kvar.

Fredag 10. mai møtest dei sju vinnarlaga til den store superfinalen, som i år blir halden på Finnøy. Og klassekameratane til vinnarlaga blir med på tur som heiagjeng og supportarar.

Det laget som går heilt til topps i finalen 10. mai, mottar 1500 kroner til kvar deltakar og 3000 kroner til klassekassen. Sølv- og bronselaget mottar også gåvesjekkar. Det er Hjelmeland Sparebank som står for premiane.

Like flotte premiar blir det på det laget som vinn den aller første finalen på vidaregåande nivå. For torsdag 28. mars skal det kårast quizmeister ved Strand vidaregåande skule på Tau. – Me har utvikla eit konsept i lag med elevrådet på Strand vgs. Me trur på høg stemning i kantina i matfriminuttet denne torsdagen, når me skal finna  ut kven som veit mest om Ryfylke av ungdomen mellom 16 og 19 år, seier ei forventningsfull Svanhild Eggebø Spanne.

Her på ryfylke.no er det ei eiga side om Ryfylkequizen. Klikk her, og følg med på kven som går av med sigeren både på dei ulike skulane og på sjølve storfinalen.

Arkiv

Relaterte innlegg

Opplev blomar og dyr på Talgje

Opplev blomar og dyr på Talgje

Øya Talgje er ikkje så stor, men jammen rommar den både ein flott familiepark og eit bugnande gartneri som får folk til å ta vegen gjennom tunnelen! Fiolen Familiepark ligg aust på øya med flott utsikt over fjorden. Her kan ein oppleva nærkontakt med både gardsdyr som...

Blekkspruten

Blekkspruten

Han skal handtera cruisepassasjerar, fisk, folk, vaflar og næringsutvikling. Lysefjorden og Finnøy er han blitt ekstra svak for. Møt nordhordalendingen som har forelska seg i Ryfylke. - Nei, det er stille no. Sist eg serverte vaflar til turistane var 25. februar. Så...

Snørike ryfylkefjell gjev billig straum

Snørike ryfylkefjell gjev billig straum

Store snømengder dei siste to månadene, gav ikkje mange skigleder for den store folkehopen. Det sørga Mister Korona for. Men, ryfylkingen kan i alle fall gleda seg over at snøen har gjeve rekordlåge straumprisar.- Straumen kjem nok til å vera billig gjennom heile...

Pin It on Pinterest

Share This