Ungdomen ser framover

feb 17, 2023 | Framside, Nyhende

Engasjement, stoltheit, framtidstru og ein del spenning. Det svevar optimisme og forventing i lufta. Mange unge i Ryfylke har planane klare for framtida. Men, valet er ikkje lett. Den nyaste sendinga av Ryfylkepuls er definitivt opptatt av kva tankar ungdomen har om skule- og yrkesval. Det er litt av ein gjeng me møter i sendinga. Mikhail og Ådne går den såkalla YSK-linja ved Sauda vidaregåande skule. Men, kva er YSK og er det ikkje lenge med fire år på skulebenken? Ei herleg blanding av praksis og teori, understrekar karane.

Oliwia og Simone går på Strand vidaregåande skule, og har yrkesplanane klare. Dei går på typisk gutelinjer, men elskar sveising og automasjon. Dessutan møter me ein flokk av ungdomsskuleelevar frå heile Ryfylke, som skal ta viktige vidaregåande skuleval i nær framtid. Og dei yngste på ungdomsskulen er klare for quiz. For nå er Ryfylkequizen for åttande klassingar i gang, og du kan bli med oss på turné. Ryfylkepuls dunkar i ungdommeleg tempo og me vonar du vil sjå sendinga vår.

Arkiv

Relaterte innlegg

Jobb, sparing og smarte val

Jobb, sparing og smarte val

Å, dette maset om pengar. Kvifor skal me bry oss når me er unge og impulsive. Vel, ungdomen i Ryfylke har retningssans og forståing for at det er smart å jobba, spara og tenkja langsiktig. Og rådgjevaren i banken er krystallklar på kva tips han har til dei unge. For...

Høg quiz-forventing

Høg quiz-forventing

Det er vinnarvilje og optimisme blant åttande klassingar i heile Ryfylke. Det nærmar seg skulefinalar i den store Ryfylkequizen. Ryfylkealliansen har besøkt alle skulane og starta opplæringa om Ryfylke. Nå skal ungdomen pugga, forstå og kjenna Ryfylke i kvar fiber i...

Godt nytt Ryfylkepuls-år!

Godt nytt Ryfylkepuls-år!

Er du klar for å sjå tilbake, og samtidige ha blikket retta framover? Nå byr me på ein herleg Ryfylkepuls Spesial, når me startar det nye året med glimt frå fjorårets sendingar. Det blir store doningar, fredfylte fjordar, tunge løft, solide motbakkar, fruktbar satsing...

Pin It on Pinterest

Share This