I Suldal har kommunen lokka ungdomen med pengar for å bli i Ryfylke. I Strand gjer Ryfylketunnelen at fleire frå Stavanger vel skulen på Tau. Skuleleiinga ved både Sauda og Strand vidaregåande skular gler seg over gode søkjartal.
2. mars gjekk søknadsfristen ut til dei vidaregåande skulane i Rogaland. Når søkjartala er talde opp, er det grunn til forsiktig jubel både på Tau og i Sauda, der dei to vidaregåande skulane i Ryfylke ligg.
– Totalt sett er me godt nøgde med søkjartala. Me har fått ein solid oppgang i forhold til i fjor. 570 elevar har plassert skulen vår som førsteval, fortel fungerande rektor Bård Lien ved Sauda vidaregåande skule. Av erfaring er det ikkje slik at alle primærsøkjarar byrjar på skulen. Men, dagens elevtal på 400 kan fort koma opp mot vel 430 til hausten, altså der ein var for to år sidan.
Ved Strand vidaregåande skule på Tau er avdelingsleiar Helge Malmberg også tilfreds.
– Me har 634 primærsøkjarar, noko som er 20 fleire enn året før, seier Malmberg, som fortel at det går 602 elevar ved skulen i dag.
Ryfasteffekt, pengedryss og krafttak frå næringslivet
Begge skulane opplever umiddelbar effekt av to konkrete hendingar. For Strand vidaregåande sin del handlar det om ein tunnel. 30. desember 2019 opna verdas lengste undersjøiske tunnel, Ryfylketunnelen mellom Strand og Stavanger. Frå Hundvåg til Strand vidaregåande skule på Tau er det nå under 20 minutt i reisetid.
– På VG1, altså første klasse, har me 297 primærsøkjarar. 33 av desse er frå Hundvågområdet. Det utgjer vel 12 prosent, og er noko me ikkje har opplevd før, slår Helge Malmberg fast.
I Sauda er det kanskje ein raus nabokommune sitt budsjettvedtak før jul, som har slått ut? Suldal kommune såg seg både leie og triste for at ungdomen i kommunen valde å reisa ut av bygda for å gå på vidaregåande skule. «Gå på Sauda vgs, bu heime i Suldal, og få 10 000 kroner i året av Suldal kommune», vedtok kommunestyret. Som sagt så gjort.
– Noko av det mest gledelege for oss, er at over 60 % av alle i 10. klasse i Suldal har søkt på Sauda vgs frå hausten av. Det er ingen tvil om at engasjementet og rekrutteringsarbeidet i Suldal har gjeve resultat. I tillegg er det viktig å understreka at næringslivet i Suldal og Sauda har gjort ein stor innsats for å fortelja ungdomen i Indre Ryfylke om kva fortrinn og moglegheiter det er med å velja å gå i Sauda, seier Bård Lien.
60 % er ein vesentleg auke, når ein veit at berre ein fjerdedel av fjorårets 10. klassingar sette Sauda vidaregåande på første plass.
Havbruk og ambulanse mest pop
– Søknaden til ambulansefag tar heilt av. Nok ein gong har me søkjarrekord. 122 søkjarar på 15 plassar er formidabelt, konstaterer avdelingsleiar Lien i Sauda.
Han gler seg også over at Toppvolley Norge avdeling Sand er særs populær og at skulen har fått ein oppsving av søkjarar til idrettsfag og elektrofag.
– Sistnemnde fag fekk fleire søkjarar i det næringslivet lokalt gjekk ut i media og melde tydeleg behov for lærlingar, understrekar Bård Lien. Lærlingar er også eit stikkord på Strand vgs. Her skulle Helge Malmberg gjerne ha lokka med fleire læreplassar på sjøen. For naturbruk, akvakultur og fiske og fangst tar nå heilt av.
– Naturbruk er framleis den linja som veks mest. 52 primærsøkjarar i år gjer at me truleg må etablera fire VG1-klassar, seier Malmberg og veit at søknaden er mangedobla på få år.