Våren er komen – tomatane er her!

apr 15, 2021 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Endeleg er tomatane her igjen. Sist veke var tomatane frå Lauvsnes Gartneri på Finnøy tilbake i butikkhyllene. Og tomatgartnaren sjølv kan aldri få nok av nye investeringar og justeringar.

– Er dei ikkje gode vel?
Jan Terje Vignes hiv inn på nok ein tomat, med kjærleik i blikket.
– Tomatsorten heiter Romanse, så det passar godt, ler tomatgartnaren frå Finnøy i Ryfylke.
Jan Terje Vignes blir 40 år til sommaren, og har drive som tomatbonde på Lauvsnes sidan han var 18. Alltid på jakt etter noko nytt. Romanse er nytt av året, i tillegg til nye investeringar til ei meir effektiv pakkelinje.
– Ja, det er alltid noko nytt på gang. Men, eg likar det slik. Dei som jobbar her skal ha ein litt enklare kvardag, produksjonen skal sviva litt betre for kvart år, ja det er små nyansar som gjer at me blir litt betre, fortel Jan Terje Vignes.

Nytt av året i Lauvsnes Gartneri er denne tomatypen; Romanse.

Smått og stort
Han har bygd trinn for trinn med drivhus sidan år 2000. Starta med tre mål, nå er det tretti mål med drivhus. Godt og vel 850 tonn med tomatar av sortane Romanse og Juanitas skal ut til forbrukaren dette året. Søte, små smaksbomber. Og så dei store då.
– Me har ein avtale med Dyreparken i Kristiansand om å levera bifftomatar. Desse blir brukt på hamburgarane som parken serverer om sommaren. Det er ikkje der me tener pengane våre. Men, det er ein kjekk gimmick å levera tomatar til Norges største serveringsstad, påpeikar Jan Terje Vignes.
Han er vane med å tenkja store tankar. Nå er planane større enn størst. I løpet av 2021 skal Lauvsnes Gartneri investera stort, med god hjelp av Enova.
– Me snakkar om borti 50 millionar kroner .
– Såpass? Kva skal skje?
– Det er eit stort miljøprosjekt. Me blir først i verda med ei utruleg spennande løysing. Berre følg med, smiler Jan Terje Vignes lurt og stolt.

– Nå er det kjekt at me går mot lysare tider, og at tomatane er her igjen

Berg- og dalbane
Livet som tomatgartnar har vore som ein heisatur. Det er store oppturar og heftige nedturar. Solid inntening når det går etter planen, store slag i trynet når alle tomatplantane er blitt sjuke og må sanerast.
I fleire år har Lauvsnes Gartneri hatt heilårsproduksjon. Då har plantane vore sett ut i gartneriet i ulike syklusar. I vinter blei det derimot ein pause.
– Denne vinteren skifta me ut alle plantane på ein gong. Dette førte til at det var to månader med berre plantestell og inga hausting, forklarer Jan Terje.
– Korleis var det å hausta dei første tomatane igjen?
– Eg innrømmer at det har vore litt herleg å ha dei to månadene fri. Vel, fri og fri. Me har jo vore i drift på anlegget. Men, det er rart med det, når dei første tomatane er hausta så går du inn ein modus. Det er 24/7. Fullt fokus på gode tomatar. Eg trur vinteren har gjort meg godt, slår Jan Terje Vignes fast.
– Skulle du hatt ein lenger vinter?
– Å nei. Nå er det kjekt at me går mot lysare tider, og at tomatane er her igjen. Er dei ikkje gode vel?

Lauvsnes Gartneri er blitt kjent for desse søte små Juanitastomatane.

Og medan du er på veg til butikken for å kjøpa deg Juanitas eller Romanse, så kan du jo lytta til remixen av Lauvsnes Gartneri sin eigen tomatsong. Den er nesten like god som tomatane.Tomatsangen Remix! | Lauvsnes Gartneri (lgartneri.no)

Arkiv

Relaterte innlegg

Jobb med meining … i Ryfylke

Jobb med meining … i Ryfylke

- Det er viktig for meg at jobben eg startar i, betyr noko for andre. Eg vil gjerne gjera ei endring og til dømes jobba med fornybar energi, slår Eline Kommedal Hoem fast. Ho går tredje året på studiespesialisering ved Strand vidaregåande skule. Framtid og jobb er...

Livet som blei verd å leva

Livet som blei verd å leva

For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya...

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Ja, «Verdien av vekst» er overskrifta når me inviterer til den årlege viktige, artige og engasjerande storsamlinga Arena Ryfylke tysdag 14. november. Og i år skal me til Strand kommune, med både Tau, Fiskå og Jørpeland som boltreplassar. Ryfylke kan skilta med store...

Pin It on Pinterest

Share This