Vårgnist i Bergekrossen

mar 26, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

– Det er viktig å dra fram alt som er positivt for tida. Og her hjå oss er det ein veldig god tone, seier Leif Bakka i Møgedal Mek. Verkstad. Han ser at våren gjer ryfylkingen godt, og handlar deretter.

Permitteringar, stengte forretningar og kundesvikt. Du høyrer og les om det kvar dag i desse tøffe koronatider. Ryfylke er også sterkt prega av situasjonen. Då er det fint med gode nyhende.
– Her sel og reparerer me jamt og trutt til bonden og til dei som skal putla i hus og hage, smiler ein godt nøgd Leif Bakka. Han er dagleg leiar i Møgedal Mekaniske Verkstad, som ligg i Bergekrossen to kilometer ovanfor Sand sentrum i Suldal.
Den tradisjonsrike landbruksforhandlaren med sju tilsette har meir enn nok å halda fingrane i.
– Med våren følgjer ein aktiv periode for bonden, og då må maskinar vera på plass og i orden. Og kanskje er det slik at koronautbrotet har gjort at folk har meir tid til å rota i hagane og halda på der, funderer Leif Bakka.

Optimisme
Leif Bakka er ein nøktern type, som ikkje tar av i aust og vest. Men, han meiner det er viktig å melda frå om det som går godt.
– Me hadde trudd det skulle bli meir bom stopp hjå oss då me høyrde om verksemder som stengte dørene og permitterte. Men, me har god ordrereserve på verkstaden og har god aktivitet på salssida, fortel Bakka.
Sjølv er han ivrig medspelar i Sandsgruppa, eit nettverk av bedrifter som held til frå Sand sentrum og opp til Bergekrossen. Han erkjenner at det har vore tøffe veker for fleire av verksemdene.
– Men, då me hadde telefonmøte onsdag i denne veka, spora eg ein meir optimistisk tone frå fleire. Fleire av butikkane hadde opplevd at talet på kundar auka noko. Derfor er det så viktig at me har fokus på at folk må få augo opp og handla lokalt, påpeikar leiaren for Møgedal Mek. Verkstad.

Skjerpa rutinar
Hans store skrekk er om ein av dei sju tilsette no skulle bli smitta av koronaviruset. Det vil få konsekvensar for drifta. Dei tilsette har innført strenge interne restriksjonar.
– Me har splitta oss når me har pausar. Så då et ikkje alle i lag, og me har to meters avstand til kvarandre. Me reingjer flater og tastatur jamleg og forklarar kundane som kjem tydeleg om kva rutinar som gjeld. Og nå får ingen kundar koma inn i verkstaden. Nå kjem mekanikaren ut i butikken og talar med kunden i staden, forklarar Leif Bakka.
Køyretøy og anna utstyr som skal leverast til kundane blir også grundig vaska og desinfisert før utkøyring frå Bergekrossen. Møgedal Mekaniske Verkstad møter våren reine som aldri før.
– Ja, me veit at det blir ein annleis påske, utan besøk av hyttefolket. Men, på den andre sida reiser ingen frå Suldal vekk heller. Så då treng det ikkje bli så gale, heller ikkje for oss som driv her i Bergekrossen, slår ein høveleg optimistisk Leif Bakka fast.

Arkiv

Relaterte innlegg

Jobb med meining … i Ryfylke

Jobb med meining … i Ryfylke

- Det er viktig for meg at jobben eg startar i, betyr noko for andre. Eg vil gjerne gjera ei endring og til dømes jobba med fornybar energi, slår Eline Kommedal Hoem fast. Ho går tredje året på studiespesialisering ved Strand vidaregåande skule. Framtid og jobb er...

Livet som blei verd å leva

Livet som blei verd å leva

For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya...

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Ja, «Verdien av vekst» er overskrifta når me inviterer til den årlege viktige, artige og engasjerande storsamlinga Arena Ryfylke tysdag 14. november. Og i år skal me til Strand kommune, med både Tau, Fiskå og Jørpeland som boltreplassar. Ryfylke kan skilta med store...

Pin It on Pinterest

Share This