Jørpeland er jul på så mange måtar. Ikkje minst som juletreby og peparkakeby. Bli med blant små og store og ein ekte juletrenisse, og folk som tørr å snakka i store bokstavar om Ryfylkebyen Jørpeland. Lat deg inspirera av varme og fellesskap frå ei heilt spesiell bedrift og få med deg korleis folk oppmuntrar kvarandre på ein original julekake-måte. Jørpeland har dessutan ein ny og flott idrettshall, som ligg i Norgestoppen! Ryfylkepuls med julevri er frå Jørpeland.
Godt nytt Ryfylkepuls-år!
Er du klar for å sjå tilbake, og samtidige ha blikket retta framover? Nå byr me på ein herleg Ryfylkepuls Spesial, når me startar det nye året med glimt frå fjorårets sendingar. Det blir store doningar, fredfylte fjordar, tunge løft, solide motbakkar, fruktbar satsing...