Vårsprett i Ryfylke

apr 28, 2023 | Framside, Nyhende

Livsglede, engasjement, nytt liv, spenning og arbeidsglede. Ja, du kan knyta mange ord til våren i Ryfylke. Og du kan gleda deg over ei rykande fersk sending med Ryfylkepuls. Og nå pustar me vår. På alle moglege måtar. 

Me rammar inn sendinga vår i eit sauehus på Halsnøy. For mange i Ryfylke er vår nyfødde lam, vakenetter og slappe spenar. Men, våren er også tida der ungdomen skal gjera viktige val for hausten. Ja, finna læreplass eller søkja studieplass. Møt Noah som er stolt tømrarlærling og som stolt byggjer hus. Og Margrethe som drøymer om å bli politi på heimstaden. 

Reiselivet i regionen ser verkeleg fram til ein hektisk og spennande sesong. For korleis blir det med turismen i år? Me har menga oss med aktørane i Lysefjorden. Ein stolt ryfylking er klar for bryllaup og skal få kona frå Nord-Norge med inn til sitt kjære Ryfylke. Det blir vel suksess? Og den som skal ha suksess må øva. Det veit 15-åringane frå Suldal, som i fjor vann den store Ryfylkequizen. Dei har gode tips til årets åttandeklassingar, som snart skal ut i direktesendt TV-finale. Det er all grunn til å få vårstemning med Ryfylkepuls!

Den nyaste utgåva av vårt månadsmagasin ser du her:

Arkiv

Relaterte innlegg

Vinnarar av Ryfylkequizen 2023

Vinnarar av Ryfylkequizen 2023

Eit halvt poeng var det som skulle skilje 1. og 2. plass av årets quizfinale. Tau ungdomsskole trekte lengste strået og blei dermed vinnarar av årets Ryfylkequiz. Som alltid var nivået høgt og spenninga på topp. Me snakkar altså 58,5 av mogelege 65 poeng. WOW. 2....

Direktepuls frå Sauda

Direktepuls frå Sauda

For første gong sender Ryfylkepuls direkte, eller live om du vil. Ryfylkealliansen sender Ryfylkepuls direkte torsdag 25. mai kl. 18.00 frå Sauda. Me spenner i gang Saudadagane med gjestar, herlege innslag frå heile Ryfylke, festivalfeber, ungdomsglede,...

Sjå den direktesendte finalen i Ryfylkequiz 2023!

Sjå den direktesendte finalen i Ryfylkequiz 2023!

25. mai og den store quizfinalen i Ryfylkequiz 2023 er rett rundt hjørnet. 9 ungdomsskular i Ryfylke skal kjempa side om side i Folkets Hus i Sauda. I løpet av våren har Ryfylkequiz reist rundt i Ryfylke og utfordra Ryfylkeungdommen på kor mykje dei eigentleg kan om...

Pin It on Pinterest

Share This