Me er nettopp ferdige med skulefinalane i Ryfylkequizen på Tau og i Sauda. Sauda og Tau var dei skulane som i fjor kapra første og andreplassen i superfinalen. Difor var forventingane høge til desse skulane, men du som dei innfridde! Les under korleis skulefinalane på Tau og i Sauda gjekk føre seg. Me gratulerer vinnarlaga, og ønskjer dei lukke til med pugginga til superfinalen!
Sjølvaste Sjølvaste Tryhards til topps
Nok ein spennande quizfinale, og nok eit artig lagnamn som gjekk til topps. På Tau ungdomsskule var det Sjølvaste Tryhards som til slutt kunne jubla for skuletriumf og plass i den store Ryfylkefinalen på Forsand. Oda Myklebust, Dina Mosness og Olav Leon Fossdal sveitta i nevane av spenning i finalerunden. Men, sjølv om JST og Strandalaget pusta tetlaget i nakken, blei det siger på dei som sjølv meiner dei prøver hardt. Og det gjer dei, og dei veit at nå må dei øva hardt og grundig for å forsvara Tau si ære. I fjor kom Tau på andre plass, slått av Sauda med eit fattig poeng. Nå er det på tide med revansje.
Mai-suksess i april
Det var nesten for godt til å vera sant. Aldri før har me opplevd høgare poengscore på ein vinnar av ein skulefinale, som då Mai dominerte skulefinalen i Sauda tysdag 20. april. Når du krusar gjennom til saman 52 heftige oppgåver, og du kjem ut med 97 prosent rett, er det rett og slett imponerande. Matilde Mikkeline Aartun, Ane Schibevaag Søndenå og Ingrid Fatnes hadde verkeleg øvd til quizfinalen. Dei to andre laga som kom vidare frå innleiande runde, kunne verkeleg også svara for seg. Det var berre det at Mai var på ein annan Ryfylke-planet. Men, vil dei gjera det like godt i superfinalen 2. juni? Vel, for å seia det slik: Det er svært høgt nivå på alle skulevinnarane så langt. Det går mot ein heftig finale direkte på www.ryfylke.no
Kva skal ein gjere mens ein ventar på 2.juni? Jo – test dine eigne ryfylkekunnskapar på våre nettsider og bli med i trekninga av flotte premiar!